mandag 22. april 2013

Folldal i lunefullt aprilvêr

Den oransje stafettbilen er framme i Folldal. Dagen starta på skulen der over 30 9. klassingar fekk læra meir om Nynorskstafetten og ei kjapp innføring i målsoga. Så køyrte bilen borti vegen til barnehagen der 14 ivrige 5 åringar fekk høyre om Berte og Iver, og lærte at dei faktisk talar spansk i Spania. Dei var imponerte over den oransje stafettbilen og fekk stafettballongar dei kunne leika med i gymsalen.

Etter barnehagen var det opp på friviljugsentralen for ein matbete og litt informasjon til 16 vaksne damer som hadde vore på trim. Me prøvde så å få til ein stand på Torget, men måtte gje oss etter kort tid grunna kraftig vind. I staden sneik me oss innom kommunehuset i von om å i alle fall få lagt att noko informasjon til ordføraren. Ordføraren sjølv, Egil Eide, tok vel imot oss og fekk overrekt ein stafettpinne og ei oppmoding om å hugsa på at det framleis bur mange nynorskbrukarar i kommunen, sjølv om det ikkje lenger finst ein nynorsk skulekrins.

Dagen vart avslutta med ei samling av over 50 tilskodarar på dialektkveld med Tor Erik Jenstad, etterfølgt av trekkspel-, fele- og fløytelått. Her vart òg ein av medlemene i Folldal Mållag heidra etter å ha vore aktiv i laget sidan 1972.

Planleggjinga av 100årsjubileet til Folldal Mållag har alt teke til, og det er lita tvil om at nynorsken på sitt vis lev i beste velgåande hjå mange i den lokale folkesetnaden. Vonleg vil mållaget leva lenge her.