fredag 5. april 2013

Forfattarvitjing på Gvarv skule

Boka om familien Kråkestup er veldig spennande, og 1.-4. klasse sit som eit ljos etter å ha sunge morgonsong. Forfattar Kari Smeland engasjerer elevane og har til og med ei spørjetevling på lur. Dei tre elevane som spratt raskast opp med svaret, fekk flott bok i premie. Nynorskstafetten er sjølvsagt til stades og deler ut materiell. Sigbjørn Hjelmbrekke overrekte stafettpinnen til Kirsten Linnea Kruse.