mandag 8. april 2013

Ordførarmøte i Seljord og Kviteseid

Sigbjørn Hjelmbrekke, Ulrikke Sægrov og Anne Straume har vore i møte med kommuneleiinga i Seljord og Kviteseid. Det er mykje bra målpolitikk som er i sving i Telemarkskommunane. Seljord har tidlegare fått pris for bra språkbruk. Seinare på dagen var me i møte med Kviteseid Mållag. Det var svært godt oppmøte, og dei hadde musikalsk innslag frå karane i Ågapet: