tirsdag 28. mai 2013

Anne argumenterer i Alta

Dagen i dag har vore Anne sin dag. Ho har hatt fire skulevitjingar i Alta. Sandfallet ungdomsskule, Alta ungdomsskule og Alta vidaregåande skule har alle hatt vitjing frå Nynorskstafetten i dag. Anne har fortalt om Aasen, jamstillingsvedtak, språkfred og språkstrid. Og elevane har lytta, og lært. Over 100 Altaungdomar har i dag hatt sitt fyrste møte med Norsk Målungdom, og dei var nysgjerrige og diskusjonsviljuge.

Me avslutta dagen på årsmøtet til Alta Målungdom, som under årsmøtet endra namn til Alta dialekt- og målungdom. Dei var ein fin gjeng som har mange planar for det neste året.

Bileta under er frå Sandfallet ungdomsskule, stafettpinneoverrekking med leiar Sivert i Alta dialekt- og målungdom og heile laget framfor stafettbilen saman med Anne.