torsdag 2. mai 2013

Inderøy torsdag 2. mai

Dette har vore ein alle tiders dag. Me byrja i Røra barnehage, og det var nesten til å bli rørt av. Me vart hjarteleg mottekne av Eva Gun Tromsdal og resten av personalet, og minst like hjarteleg av borna. Janne las Jakob og Neikob, først ein gong, så ein gong til; og jammen tigga ikkje nokre om at ho skulle lese endå ein gong. Men då sa Janne at det var best å spare den tredje gongen til seinare, og då var borna samde med henne om det.

Elles både snakka me om og leika med språk, og var innom både trønderdialekt, engelsk, tysk, fransk, spansk og russisk. Borna var ivrig med, og sjølvsagt måtte me tulle og leike med dei på anna vis også. Det var kjekt.

Styrar Eva Gun er levande interessert i språk og svært glad i nynorsk. Ho var heilt samd med oss om at det er viktig for borna å få møte nynorsken tidleg. Språkøkta avslutta me med å øve inn nytt kamprop til 17. mai: - Språk er flott, språk er flott, språk er flott, hurra! -

Minst like stimulerande var møtet med elevane på Inderøy vidaregåande. Sjølv var eg (Terje) litt spent på korleis dei ville reagere på å avslutte dagen med ein dobbelttime om nynorsk etter å ha hatt tentamensprøve før på dagen. Det viste seg straks at eg kunne ha spart meg dei sutene. Det var Janne som hadde mesteparten av denne økta, og eg var ikkje i stand til å registrere ein einaste negativ reaksjon. Elevane var opne, tillitsfulle, interesserte og aktive. Somme vart att for å prate etter at dagen var slutt, og ei jente kom også å takka oss i handa. Desse elevane var i alle fall ikkje negative til nynorsk, endå om alle har bokmål som hovudmål, og dei gav oss rett i at dei burde ha byrja med sidemål tidlegare i skuleløpet.

Dagen vart avslutta med kulturkveld på folkebiblioteket i Inderøy. Dette høyrest sikkert ut som skryt, men det får våge seg. Eg nøler i alle fall ikkje med å kalle kvelden ein fulltreffar. Kari Stai, forfattar av m.a. Jakob og Neikob, framførte ein underfundig tekst med mange spørsmål om Ivar Aasen. Terje heldt foredrag om Ivar Aasen, og Janne fortalde om arbeidet i Noregs Mållag Dei to folkemusikarane Ingvild Blæsterdalen og Einar Olav Larsen spelte så fint at kunne oss "grøta". Og ikkje minst; me song mykje allsong. Til slutt vart stafettpinen overlevert til Jon Grønlid, leiar i Inderøy Mållag.

Jon er forresten verd eit kapittel for seg sjølv. Måten han har teke mot oss og stelt godt for oss på, er eineståande. Me har kjent oss nesten kongelege. Takk, Jon.

Bileta: 1. Janne og styrar Eva Gun Tromsdal i Røra barnehage i midten med Lise Beate Urvold til venstre og Marthe Eriksson til høgre. - 2 og 3. Nokre av dei knakande kjekke av elevane på Inderøy v.g.sk. lyttar til ei engasjert Janne. - 4. Kari Stai les på kulturkvelden. - 5. Terje gir stafettpinnen vidare til lokallagsleiar og suveren vert Jon Grønli.

Janne og Terje takkar for ein strålande dag.