tirsdag 23. juli 2013

Nynorskstafetten på Malakoff

Helga 19.-21. juli var det Malakoff rocekfestival i Nordfjordeid. Dit måtte me sjølvsagt reise med nynorskstafetten. Anne tok over bilen i Oslo på fredag og stod opp kl 0415 for å kome fram i god tid. Etter å ha jobba i Norsk Målugdom vert ein noko miljøskada, og legg merke til det meste om nynorsk og dialekt, som ein finn på vegen. Mellom anna denne fine plakata på ein bensinstasjon ved Skjåk.


Med god hjelp frå Nora Martine Strand frå hEiderleg Målungdom fekk me ordna i stand stand i Eidsgata på laurdagen. På standen stod Fredrik Hope(t.v.), Jorunn Simonsen Thingnes, Kristofer Olai Ravn Stavseng og Anne Svanaug Straume. Alle frå Norsk Målungdom. Det var ein kjekk dag å stå på stand. Fint vêr og glade festivalfolk. Me fekk snakka med mange denne dagen, og me fekk verva litt. 


So kan ein jau tenkje seg det at me la fra oss målarbeidet og gjekk på festival. Men der tek du feil. Me tok med oss målarbeidet på festival. Ein kunne under fleire konsertar sjå nynorskballongar sprette opp ymse stader frå publikum. Det var stor stas, her under konserten til LidoLido.


I tillegg fekk me festa nynorskjakkemerke på styremedlem i Mållaget, Sveinung Rotevatn...


...og, det var fleire som las i flygeblada våre samstundes som dei naut musikken.


Til slutt slappa me av, kosa oss på festivalen og traff vener og kjente, og overraskande mange målungdomar. Her ser de Jorunn og Fredrik med kaffi.


På sundagen bar det heimatt for Anne og bilen. (og mange andre festivaldeltakerar, jamfør biletet av køen til ferja som de ser under) Det er veldig kjekt å få reise so mykje rundt i Noreg. Ein kan jau undre kor mange bilar som får sett så mykje av dette landet, som stafettbilen vår.