torsdag 12. september 2013

Ål

Med ordførar Ivar Brevik som kjentmann, synte Ål seg frå si aller beste side. Denne bastionen, dette fyrtårnet, denne bautaen av ein nynorskkommune i Hallingdalen. Alle elevane tek til med nynorsk i skulen, og sjølv om nokre fell i frå undervegs, blir det arbeidd godt for å halde så mange som råd på den smale veg. 
Under syner ordføraren eit døme på at også næringslivet har språkleg medvit.

Dagen byrja på ungdomskulen, der Ingar gjorde sitt for at tiandeklassingane skal halde på målet også når dei tek til på vgs. Ved lunsjtider dukka Marit opp, og vart med til ordføraren. Han tok i mot med åpne armar, var open for innspel, og vart på sparket med på ein tur til ein barnehage i Torpo. 






Sidan vart det vitjing på biblioteket, men også tid til å sjå seg rundt. Marit fann ei ikkje urelevant t-skjorte, som syner at Studentmållaget i Nidaros har utvida kundekretsen sin. Om kvelden var det middag i den gamle banken, der mållaget hadde invitert både ordførar, redaktør, oppvekstsjef og andre prominente gjester til gode samtalar om språkrøkt. Særs velukka!