lørdag 7. september 2013

Kvam 3. september

Dagen starta om morgonen denne dagen òg. Fyrste skulevitjing var på historisk grunn, og det var lærarane snar med å fortelja oss. Føredraget vårt for tredjeklassane var i sjølve rommet lærebokaksjonen, då nynorskelevar over heile landet streika for retten til å få lærebøkene sine til same tid og same pris, starta. (Legg merke til den kompliserte syntaksen.) Dei skuleklassane var heldige og fekk høyra to bokmålsvitsar, til glede for både elevar og lærarar, sjølv om lærarane prøvde å skjula latteren på grunn av det grove innhaldet.


Neste stogg var Bjørketeigen barnehage, ein av få utebarnehagar: Ein barnehage der dei er ute heile dagen. Me fortalde femåringane om verdas språk, las frå bøker og hadde med oss ballongar  til ungane si enorme glede. Etterpå møtte me dei tilsette og snakka om tidleg nynorsk språkstimulering og gav dei tips til gode nynorske barnebøker. Dette hadde dei god kontroll på. Me høyrde òg på dei fortelja om korleis dei sjølve meinte stoda var i kommunen og barnehagen.




Me hadde eit vellukka vitjing på Kvam ungdomsskule. Turen gjekk så vidare til ordføraren sitt kontor. Ordføraren tok imot ein stafettpinne etter å ha fått skryt for god språkføring i kommunen. Dei er medvitne på all språkbruk, dei har òg nynorsk i norskopplæringa for vaksne innvandrarar, ei sak Noregs Mållag er oppteke av.




Kvam mållag hadde diska opp til ein flott kulturkveld i det kanskje mest rocka og innovative bygdemuseet i verda. I det som eigentleg er vhs-kino og kassett-diskotek var det konsert med omsetjingar av Robert Johnson og Joni Mitchell, kviss, foredrag om Ivar Aasen og sal av vaflar.