lørdag 7. september 2013

Ulvik 5. september

Torsdagen freste me rundt i Ulvik, sjølvsagt med fylgjebil framfor, sånn at me fann vegen. Fyrst kom me til Hjeltnes vidaregåande skule, ein skule med elevar frå  om ikkje heile landet, så frå den viktigaste delen av landet  Hordaland. Det er pågrunn av at dei har spesialisert seg på liner som ikkje er så vanlege, til dømes blomedekoratør og anleggsgartnar. Det var den fyrste og einaste yrkesskulen dette stafettmannskapet har vore innom, så me var litt spente. Elevane var svært engasjerte og deltok ivrig i debatt, og blomedekoratørane hadde laga ein blomebukett til kvar av oss.


Me for vidare til Brakanes skule der dei hadde samla heile ungdomsskulen. Elevane hadde god peiling, mellom anna skulle dei setja opp Ervingen og dei kunne Nordmannen på rams, så det vart sjølvsagt allsong på slutten. Fresinga haldt fram, og me køyrde til den lokale daglegvaren, der me stod på stand i nokre timar. Lite visste me at me skulle gjera det same i morgon. Joda, me visste det, men på denne måten vert blogginnlegget meir underhaldande.




Me freste noko sjukt på ein veg, nei, traktorveg, opp på fjellet for å nyte utsikta og slå ihjel litt tid.