lørdag 7. september 2013

Voss 4. september

Dagen starta med møte med ordføraren, leiaren for vaksenopplæringa, ein rektor og representantar frå Voss mållag. Ordføraren førte ordet. Me i stafetten skraut så mykje me kunne av Voss, Voss er jo ein utruleg god nynorskkommune, men me hadde eitt emne me meinte dei kunne betra seg på, nemleg at dei ikkje har nynorsk i norskopplæringa for vaksne innvandrarar. Me var klår over at dei hadde prøvd det ut tidlegare, men måtte gje seg, og me likte å høyre dei fortelje sjølve om sine røynsler frå det forsøket. Me fortalde dei litt om kor langt læremidler, haldningar og andre kommunar sin praksis har endra seg sidan den gong, og merka ei positiv haldning frå Voss kommune. Ein journalist frå Avisa Hordaland var til stades og dagen etterpå kom det eit fint oppslag i avisa.


Me var på to skular, Voss gymnas og Voss vidaregåande skule. På gymnaset var det eit krevjande opplegg. Me var innom fire skuleklassar til saman, fyrst var me saman om éin gjeng, før me delte resten av elevane mellom oss. På Voss vgs gjekk det òg fint, men det var litt rolegare. Ein lærar etterlyste å få høyra nokre bokmålsvitsar.


Voss var òg staden for denne vekas einaste vitjing i ei verksemd, Toyota Voss. Dei har nemleg vore svært medvitne påspråkbruken sin og nyttar nynorsk i all kommunikasjon. Sjølv om dei er del av ei større verksemd med base i Bergen, tek dei seg tida til å omsetja alt materialet før det kjem i butikken eller i lysing i avisa. Me gav dei ein stafettpinne for å halda fram innsatsen for nynorsk som bruksspråòg i næringslivet.




Før me for på kulturkveld, åt me på vår fyrste nynorske sushi-bar. Kulturkvelden i det nye og flotte kulturhuset var ein stor suksess. Det var fullt i salen og gode innleiarar, mellom dei Eirik Helleve og Finn Tokvam. Der høyrde me historier om Per Sivle-biletet på Flåm skule, skrøner frå herretoalettet og kompliment Finn Tokvam har fått frå flotte damer.