mandag 7. oktober 2013

Marnardal og Mandal 7. oktober

Marnardal og Mandal Mållag slo på stortromma på stafetten: Sylfest Lomheim førelas, underviste, kåserte og heit ut or seg hans mest uendelege kunnskap om språk, språkbruk og språkhaldningar i sovel Noreg som andre land, i sovel notid som i fortid. Over 200 ungdomsskuleelevar frå Marnardal og Mandal benka seg på Øyslebø skule for å høyra den nynorske språkriks-synsaren. 

På føredraget var ogso ordføraren i Marnardal. Litt drøs og pønsking med ordføraren enda med at me vart bedne om ta beinveges kontakt med kommunen for samarbeid om nynorsk i barnehagen og positive sidemålsforsøk i ungdomsskulen. 

Dagen vart runda av på Marna kafe med styret og medlemer i lokallaget. Signe maten og Ivar Aasen!!