lørdag 12. oktober 2013

Nytt or Sætesdal

I dag har Nynorskstafetten vore på ikkje mindre enn to stændar. Fyrst ut var det gamle landsgymnaset på Hornnes. Det såg slik ut:


Og det kjipe, gamle stortingsmøblementet vart straks piffa opp med litt kledeleg oransje! Sjå berre her:


Etterpå bar det til downtown Evje, ikkje langt unna gatekjøkenet der stafettbloggaren for seks år sidan smakte sin fyrste (og vonleg siste) setesdalskebab. Dei er flinke på mykje, setesdølane, men Oslo-mat får dei ikkje til. Men nok om det – me rigga til sjølvaste sentrumspaviljongen. Gjett to gonger om det var noko kav å få fest den øvste ballongen ...


Men kva gjorde vel det? Vel nede frå klatrestativet venta kaffi, kaker og konfekt som våre lokale medhjelparar hadde skaffa. Slett ikkje dumt, med tanke på at flygeblad stundom smakar litt i tørraste laget.


I morgon står Valle for tur. Som dei seier på sidemål: Hald deg på tunet! (eller stay tuned, då, om de vil ha det opphavleg språkdrakt)