fredag 20. september 2013
Sandefjord
Den dama
torsdag 19. september 2013
Gran tidleg om morgonen
Turisme med bonusspor
onsdag 18. september 2013
Etnedal 2
tirsdag 17. september 2013
Sør-Aurdal 17. september
hemsedal 16. september
mandag 16. september 2013
Øystre og Vestre Slidre
søndag 15. september 2013
Fagernes 2
fredag 13. september 2013
Vang
Gol
torsdag 12. september 2013
Ål
tirsdag 10. september 2013
Drammen
lørdag 7. september 2013
Superlaurdag i Odda 7. september
Me kom til Odda fredagskveld, og vart møtt med mat og stormande jubel. På laurdagsmorgon var det stor aktivitet i Gågata, og nynorskdelegatane var naturlegvis på plass med bil stand. Odda Mållag var òg til stades. Dei ynskte velkomen med song (Nordmannen, sjølvsagt) og gode ord om Aasen. Etterpå vart målbenken avduka av Knut O. Dale, aka. Knuten, ein benk dedikert til «det oddiske folket» av Odda Mållag. Det var yrande folkeliv i Gågata, og fleire kom innom for å helse påmålungdomane. Mellom desse var ein representant frå lokalavisa, Hardanger Folkeblad, yes! Ruth Lillegraven las frå den nye diktsamlinga si, Urd, til stor glede for dei som høyrde på.
Då klokka nærma seg eitt, gjekk me opp til biblioteket, der det var duka for opplesing, fest og moro. Ruth Lillegraven las fråbarnebøkene sine. Dette vart godt motteke av alle borna, som skratta og lo, utanom ein, som byrja å grine. (Årsak ukjend.) Lite visste dei at det var radon i lufta. Etter ein del tekniske problem gjekk tilskipinga over til «vaksendelen». Fyrst fortalde Helene om Norsk Ordbok 2014, eit innlegg som tok føre seg både boka og prosjektet som heilskap, metode og innhald. Dette vart òg godt motteke og fleire ivrige tilhøyrarar stilte mange gode spørsmål. Stafettsjarmørane fortalde så om stafetten, Språkåret 2013 og veka som var. Deretter vart det servert kaffi og kake.
Overvelda av den positive responsen frå oddisane valde me å vere att til sundag. Det er ikkje kvar dag ein er i Odda, og når ein fyrst er der, kan ein like godt gjere som oddingar flest: fylje Frode Grytten sine fotspor. Me vart tipsa om ein praktisk reisegaid til utlån på biblioteket. Helene drog fram lånekortet, og gjekk målretta mot skranken for å freiste lukka.
Helene: «Kan eg bruke dette lånekortet, eg vil så gjerne låne denne boka?»
Else Mari: «Nei, men du kan få noko betre.»
(Tystnad)
Else Mari: «Du skal få boka, men ikkje akkurat dette eksemplaret. Vent ein augneblink.»
Medan me venta spent nytta me høvet til å snike oss bort til tidsskrifthylla for å leggje frå oss nokre flygeblad.
(Else Mari kjem att frå kjellaren. I handa held ho ein stabel bøker.)
Else Mari: «Sjå her, de skal få ei bok kvar.»
Helene: «Serr?!»
Martin: «Kødde du?»
Synnøve: «Så flott!»
Else Mari: «I Odda er me så late at me ikkje gidd å lage lånekort, me gir heller vekk bøkene.»
....Framhald fyljer
Ullensvang 6. september
Me vakna tidleg i Kinsarvik for å reise på skulevitjing, og dei lokale målfolka varta oss godt opp med frukost. I løpet av stafetten har me fått så mykje mat at me ser ut som me er Ullensvanger. Då me kom oss ned på Kinsarvik skule starta dagen med drøs om både laust og fast med lærarane. Me fortalde om våre erfaringar og dei om sine. Skulen hadde mist tre elevar som vart utsend frålandet dagen før, ein av dei i klassen me skulle vitja, og stemninga var deretter.
Ullensvang herad er delt i to av fjorden og for å koma oss til skule nummer to for dagen, Hauso skule, kasta me oss påferjesambandet Kinsarvik-Utne-Kvanndal. På Hauso snakka me for heile ungdomssteget, omlag 40 elevar, om språkhistorie, dialekt og nynorsk. Dei var engasjerte og reflekterte.
Dagen, ikkje avisa, vart avslutta i Kinsarvik, der me stod på stand nokre timar utanfor daglegvaren – igjen. Me møtte mange engasjerte målmenn og -kvinner. Då me pakka saman, såg me at me hadde delt ut heile 200 klistremerke dei siste to dagane. Shit banditt!
Ulvik 5. september
Torsdagen freste me rundt i Ulvik, sjølvsagt med fylgjebil framfor, sånn at me fann vegen. Fyrst kom me til Hjeltnes vidaregåande skule, ein skule med elevar frå – om ikkje heile landet, så frå den viktigaste delen av landet – Hordaland. Det er pågrunn av at dei har spesialisert seg på liner som ikkje er så vanlege, til dømes blomedekoratør og anleggsgartnar. Det var den fyrste og einaste yrkesskulen dette stafettmannskapet har vore innom, så me var litt spente. Elevane var svært engasjerte og deltok ivrig i debatt, og blomedekoratørane hadde laga ein blomebukett til kvar av oss.
Me for vidare til Brakanes skule der dei hadde samla heile ungdomsskulen. Elevane hadde god peiling, mellom anna skulle dei setja opp Ervingen og dei kunne Nordmannen på rams, så det vart sjølvsagt allsong på slutten. Fresinga haldt fram, og me køyrde til den lokale daglegvaren, der me stod på stand i nokre timar. Lite visste me at me skulle gjera det same i morgon. Joda, me visste det, men på denne måten vert blogginnlegget meir underhaldande.
Me freste noko sjukt på ein veg, nei, traktorveg, opp på fjellet for å nyte utsikta og slå ihjel litt tid.
Voss 4. september
Dagen starta med møte med ordføraren, leiaren for vaksenopplæringa, ein rektor og representantar frå Voss mållag. Ordføraren førte ordet. Me i stafetten skraut så mykje me kunne av Voss, Voss er jo ein utruleg god nynorskkommune, men me hadde eitt emne me meinte dei kunne betra seg på, nemleg at dei ikkje har nynorsk i norskopplæringa for vaksne innvandrarar. Me var klår over at dei hadde prøvd det ut tidlegare, men måtte gje seg, og me likte å høyre dei fortelje sjølve om sine røynsler frå det forsøket. Me fortalde dei litt om kor langt læremidler, haldningar og andre kommunar sin praksis har endra seg sidan den gong, og merka ei positiv haldning frå Voss kommune. Ein journalist frå Avisa Hordaland var til stades og dagen etterpå kom det eit fint oppslag i avisa.
Me var på to skular, Voss gymnas og Voss vidaregåande skule. På gymnaset var det eit krevjande opplegg. Me var innom fire skuleklassar til saman, fyrst var me saman om éin gjeng, før me delte resten av elevane mellom oss. På Voss vgs gjekk det òg fint, men det var litt rolegare. Ein lærar etterlyste å få høyra nokre bokmålsvitsar.
Voss var òg staden for denne vekas einaste vitjing i ei verksemd, Toyota Voss. Dei har nemleg vore svært medvitne påspråkbruken sin og nyttar nynorsk i all kommunikasjon. Sjølv om dei er del av ei større verksemd med base i Bergen, tek dei seg tida til å omsetja alt materialet før det kjem i butikken eller i lysing i avisa. Me gav dei ein stafettpinne for å halda fram innsatsen for nynorsk som bruksspråk òg i næringslivet.
Før me for på kulturkveld, åt me på vår fyrste nynorske sushi-bar. Kulturkvelden i det nye og flotte kulturhuset var ein stor suksess. Det var fullt i salen og gode innleiarar, mellom dei Eirik Helleve og Finn Tokvam. Der høyrde me historier om Per Sivle-biletet på Flåm skule, skrøner frå herretoalettet og kompliment Finn Tokvam har fått frå flotte damer.