Kampanjebil er nyttig for å frakta folk og materiell rundt på små og
store stader. Men jammen er det stas å stå parkert utanfor der vi er
også. Fanst ikkje synlegare bil og bodskap i Volda denne dagen!
Her har Ingebjørg Osdal og Gro Morken Endresen stilt seg opp på
Spinneriet med breie smil, ein god bunke materiell og er klare til å
sjarmera voldingane inn i Mållaget.