fredag 8. februar 2013

Ordførarmøte i Førde



Her får ordførar Olve Grotle stafettpinne og bokgåve frå Nynorskstafetten. Frå venstre: Kommunalsjef Trond Ueland, leiar i Førde Mållag Lars T. Torpe, ordførar Olve Grotle og leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård

Nynorskstafetten held fram i Førde, og har no besøkt Førde Rådhus. Leiarane i Noregs Mållag og Førde Mållag møtte ordførar og kommunalsjef. Førde er ei kommune som tek nynorsk på alvor, og leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag gav ros til ordføraren for deira målmedvit.