onsdag 20. mars 2013

Bassengdebatt

Sveinung Rotevatn og Anne Svanaug Straume har vore i bilen i dag. Fredrikstad og Sarpsborg var destinasjonane. Me hadde ein paneldebatt, i eit gammalt basseng, med to lokale FpUarar på Fredrik II vgs. Det var ein roleg debatt, sjølv om FpU-gutane plaska litt på djup grunn. Det verka som fleire av elevane forstod at undertrykking av nynorsk og dialekter heng saman! Med oss i debatten var Daniel F. Moen, elev ved Oslo katedralskole. Han gjorde ein god figur.

Då klokka nærma seg 1300 kom me fram til matstova i Sarpsborg. Der møtte me lokallagsleiar, Ragnhild Lier, som tok oss godt i mot. Her var me fyrst i eit pressemøte, før me trakk inn i det verneverdige bygget og drakk kaffi og åt kanelbollar. Me fekk òg høyre på Gunnar Ottne fortelle om lokal målsoge, då med vekt på dialekt. Dette vare svært gillt! Her kan de sjå eit bilete av den flotte gjengen i Sarpsborg