lørdag 2. mars 2013

Kristiansund

Når du køyrer Atlanterhavsvegen på Averøya (eigenleg Haverøya!), kjenner du at lufta på eit vis vert annleis enn i Romsdal. Det luktar meir...... svaberg, meir nordvestleg vind, meir fisk og tare, og jamvel l-en er tjukkare her enn i Romsdal! For vår eigen del kjenner me angen frå sutalause feriar på Smøla og lukta tå blandaballane hennar bestemor. Ball skulle det verta, men fyrst bar det Kristiansund vgs, saman med Jon Ingvald Håbrekke frå Fosna Mållag. Der møtte eg ein av dei mest spennande lærarane eg har møtt (og eg har møtt mange): Merethe Bratsberg Aae. Det er sjeldan å møta ein lærar med slik ekte kjærleik til faget. Og best som det var, gådde eg at det var same personen som fekk stipend frå Noregs Mållag for å laga sidemålsblogg (sjå http://brusegjengen.blogspot.no/). På skulen hennar heldt me føredrag for to klassar (høflege elevar som stilte gode spørsmål). Sist på dagen var me attende på Kristiansund vgs der Aae gav oss 45 minutt på eit lærarmøte (der me rødde mykje om nynorsk i andre fag enn norsk. Dei verka svært interesserte, lærarane).
Mellom bolkane på Kristiansund vgs vitja me Atlanten ungdomsskule og Atlanten vgs. Det var rett hyggeleg, og det tyktest som om elevane var tolleg nøgde, dei med. Me hadde òg eit møte med rektor og inspektør på Atlanten vgs om positive sidemålsforsøk. Dei var slett ikkje uinteresserte, og ville gjerne fylgja opp, men me beit oss merke i ei utsegn rektoren: Han undra seg på nytta av sovorne forsøk "dersom eigen karakter i sidemål skulle bort". Med andre ord: Vurderingsordningane styrer undervisninga. Ei kjennsgjerning som toppane i direktorat og departement sjølvsagt kjenner til, men vil dei ta det med i avgjerda si?
Kristiansund er ein sånn typisk norsk liten kystby der arkitekturen stort sett er mindre pen frå 1960-tal og 1970-tal. Like fullt skil byen seg litt, ikkje minst av di han eigenleg er tri holmar (øyar), og av di sentrum, som er på Kirklandet, er vegar som rullar nedover i bakkar ned til Vågevegen/Fosnagata (sjekk namnet!) - og ein av hovudvegane heiter sjølvsagt Kaibakken. Typisk er diverre byen ogso når dei gjeld medvit og tenking om språk: Nynorsk høver ikkje i denne (klippfisk)byen av di her rår bymål. Jauhau, tenkjer eg, og høyrer fosnamålet i øyra og knapt finn ann enn eit stålstramt norsk målføre - jaja, visse danismar (frem, hjem, glem, sne osv - nett som i norsnorske byar) sprett fram, men dei er unnataka i ein flott dialekt! Det er på Nordmøre som alle andre stader i Noreg: Det er tenkjeorganet, ikkje taleorganet som avgjer kva me skriv!
I alle klassane me var i møtte me einast postive tilbakemeldingar frå elevane (og lærarane). Og me vart spurde om å koma att. Kjekt!
Dagen vart runda av med nordmørsk herleg baill, gud betre so godt.