torsdag 23. mai 2013

Balsfjord 22. mai

Etter ei god natts svevn i Nordkjosbotn for me til barnehagen på Storsteinnes. Der fekk me personalet i tale om bruk av nynorsk i opplesinga, før me talde til fem på ulike språk med borna og las litt frå ei nynorsk barnebok.

Deretter bar det tilbake til Nordkjosbotn for å dela ut diplom til 6.-klassen for å ha dela ut diplom til dei som hadde delteke i diktkonkurranse. To vinnardikt blei leste opp, og vinnarane fekk bokpremie. Tone og Bror står som vitne på at dikta var særs fine – dei handla om sumar, og høvde såleis godt til vêret. Deretter fekk me snakka litt for klassen om Ivar Aasen, Nynorskstafetten, sidemål og dialekt.

På slutten av dagen stod me på Stand i sentrum av Nordkjosbotn. Der lærte me at innbyggjarnemninga er "nordkjosing", og dei mest nysgjerrige av desse stakk innom for ein prat, litt kaffi, nokre jakkemerke og ei gratis avis.