torsdag 23. mai 2013

Målselv 23. mai

I Målselv fekk me besøka den einaste nynorskklassa i Troms - 3A ved Olsborg skule. Dei blei særs glade for Norsk Barneblad og jakkemerke med «Takk, Ivar Aasen!» og «EG <3 NYNORSK».

I samband med Språkåret 2013 har Tromsø Mållag laga eit «Songhefte for Nord-Noreg». Dette blei gjeve til Olsborg barnehage i gåve, akkompagnert av songar ved nynorskklassen. Etterpå fekk stafettørane telja med barnehageborna, på norsk, svensk, engelsk, tysk og arabisk,
og fortelja om turnébilen. Då me køyrde blei me vinkte farvel av heile barnehagen, ropande og klistra til barnehagegjerdet.

Klokka 1800 arrangerte Målselv Mållag kulturkveld på «Togstasjonen». Anne Nymo Trulsen, mellom anna vokalist i Hekla Stålstrenga, song kjende songar med nynorskelevane, og litt frå si eiga soloplate, som blei lansert same kvelden. Det var appellar ved leiar og nestleiar i Målselv Mållag. Varaordførar Bengt Magne Luneng hadde òg dukka opp, og blei overrekt stafettpinne og eit eksemplar av Viljen til språk av Ottar Grepstad, og lova at det skulle vera nynorskklassar i Målselv også i framtida. Det var mange tilhøyrarar som hadde slite seg vekk frå vårsol og grill på verandaen for å høyra på.

Etterpå blei det kviss med konsert i kantina på Høgtun. Det var god stemning og me heldt på til seine kvelden. PS.: Laget til stafettørane vann.