mandag 27. mai 2013

Nynorskstafetten i Kautokeino

I dag har Nynorskstafetten hatt ein anleis stafettdag. I Kautokeino har me vore for å lære meir om stoda for samisk språk. Jon Todal ved Samisk Høgskole hadde sett saman ein fint program for oss der me både fekk treffe fagfolk på Samisk Høgskole og hjå språkavdelinga til Sametinget. Til tross for at skilnaden mellom samisk og nynorsk er store er det òg likskapar. Dei har nok eit større medvit kring språklege makttilhøva enn oss, og ser med ein gong vår situasjon som ein parallell til deira minoritetsspråksposisjon.

Mai Britt Utsi, tidlegare rektor, no høgskulelektor ved Samisk Høgskole tok i mot oss,og fortalte oss om skulen og arbeidet for å få ein eigen høgskule i Kautokeino. Nils Øivind Helander og Risten Turi Aleksandersen frå Sametinget si språkavdeling fortalde korleis dei arbeider for å sikre meir bruk av samisk språk og korleis dei arbeider politisk for betre språklege rettar for den samiske befolkinga. Til slutt var me innom Senter for samisk i opplæringa. Der fekk me ei innføring i kva utfordringar som finst i samiskopplæringa for samiske ungar på sør-samisk, lulesamisk og nord-samisk av leiar for senteret Lisa Baal.