torsdag 31. januar 2013

Herøy

Her ser du stafettlaget i Herøy, frå venstre: Håvard Øvregård frå Noregs Mållag og Berit Klepp, Oddhild Brandal og Arnljot Grimstad frå Herøy Mållag
Nynorskstafetten kom til Herøy i dag tidleg. Vi vart møtte av "Nordmannen" på rådhustrappa, songe av ordførar, rådmann og tilsette på rådhuset. Oddhild Brandal, leiar i Herøy mållag, takka for song og mottaking, før ordførar Arnulf Goksøyr fekk ein Nynorskstafettpinne av Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Programmet i Herøy 

0900 rådhuset
1000 Grønmyr barnehage
1130 Ytre Herøy ungdomsskule
1215 Einedalen skule
1315 Stokksund skule
1400 Stokksund prestegard - der Ivar Aasen budde i nokre år, fekk opplæring i framandspråk, og forelska seg...
1700 - 2200 Litteraturvake på Ytre Herøy ungdomsskule

onsdag 30. januar 2013

I Hareid og Ulstein

 På vitjing på Hareid Ungdsomskule. Elevar av ei fordjupingsklasse i norsk frå ti land kom inn med plakatar og sa "Velkomen til Hareid" på sitt språk. Les meir hjå:Vikebladet Vestposten.

Bilen

På veg til ein stad nær deg!

tirsdag 29. januar 2013

Opning med brask og bram

Den formelle opninga av Nynorskstafetten var i Aasentunet 17.30 måndag kveld. Etter flott program i salen var det startskot, fakkelstafett og fyrverkeri utandørs. Marie Lovise Widnes, heidersmedlem i Mållaget, fyrte av pistolen, og jammen er det krut i den dama framleis!


Fakkeltoget på veg opp siste bakken mot Aasentunet.

Ørsta Mållag sparer ikkje på kronene når det er sjølvaste Ivar Aasen og Nynorskstafetten som skal feirast. Halve Sunnmøre må ha sett dette fantastiske fyrverkeriet som vart sendt opp frå andre sida av dalen.




































Med hjelp frå NRK Møre og Romsdal vart her også fleire nye fjernsynsstjerner for ein kveld. Innslaget gjekk direkte på distriktssendinga om lag 18.50 måndag.



God, gamaldags marknadsføring i Volda

Kampanjebil er nyttig for å frakta folk og materiell rundt på små og store stader. Men jammen er det stas å stå parkert utanfor der vi er også. Fanst ikkje synlegare bil og bodskap i Volda denne dagen!

Her har Ingebjørg Osdal og Gro Morken Endresen stilt seg opp på Spinneriet med breie smil, ein god bunke materiell og er klare til å sjarmera voldingane inn i Mållaget. 

mandag 28. januar 2013

Ordførar i Ørsta fekk stafettpinne

Ordføraren i Ørsta, Rune Hovde (t.v), vart den alle fyrste ordføraren som tek imot stafettpinne frå Noregs Mållag. Håvard overrekkjer og nyttar høve til å smile til fotografen. I midten sit Terje Kjøde, leiar i Ørsta Mållag, og smiler.

Ivar Aasen fekk stafettpinnen




Håvard B. Øvergård, leiar i Noregs Mållag, barnehageborn frå Ørsta og Ivar Aasen-stautuen.



 I høve opninga av Nynorskstafetten fekk også Ivar Aasen ein stafettpinne i handa.


Nordmannen

Dagen byrja med allsong av Nordmannen. Deretter har det blitt lagt ned blomar på bautaen av Ivar Aasen og Anders Hovden i Ørsta sentrum. Godt oppmøte og god stemning med barnehageborn, ungdomskuleelevar og andre.

søndag 27. januar 2013

På tur - til Ørsta

I dag køyrer Håvard B. Øvregård stafettbilen frå Oslo til Ørsta. Her er bilen og sjåføren før avreise.

lørdag 26. januar 2013

Måndag startar Nynorskstafetten i Volda og Ørsta. Randi Blichfeldt og Terje Kjøde ønskjer alle velkomne til god nynorsk og gratis kaffi på Fugl Føniks i Ørsta. Der får du gratis kaffi, te, kakao eller anna drikke mellom klokka 11 og 12. Ørsta Mållag spanderer!

fredag 25. januar 2013

I dag kom 25 000 eksemplar av nye Norsk Tidend til skrivarstova. Bilen er også ferdig foliert og klar for (minst) 12 000 kilometer.

onsdag 23. januar 2013

Tova tøfler

I julegåve frå sjefen fekk alle dei tilsette kvar sitt par tova tøfler, strikka i designet til Nynorskstafetten. Då held vi oss i alle fall heite på føtene medan vi er på reisefot.