tirsdag 30. april 2013

Skaun og Levanger i solskin

Denne veka er det Janne og Terje frå styret som er ute på vegen i Trøndelag. Måndag kom nynorskstafetten til Skaun og vitja Jåren Råbygd oppvekstsenter. Etter å ha køyrt oss vill eit par gongar, fann vi oss sjølve på ein langstrakt veg. Midt i ein skog og ikkje eit hus å sjå - var dette verkeleg den rette vegen? Men så opna bygda seg i solskinet. Skaun er vakkert!

Det er ikkje tilfeldig at nynorskstafetten legg ruta innom nettopp denne skulen. Skulen er førebels den einaste skulen som har nynorsk som opplæringsspråk i heile Trøndelag. Vi fekk snakke med lærarar og ein engasjert rektor, samt snakke med mange flinke elevar på 5.-7. trinn. Dei overraska oss med å syngje Nordmannen når vi kom inn i klasserommet! Ein kan bli rørt av mindre. Og maken til kunnskapsrike og ivrige elevar skal du leite lenge etter.

Tysdag sto vi på stand på Magneten Kjøpesenter, eit digert kjøpesenter like utanfor Levanger sentrum. Trønderar er trivlege folk og mange stogga for å snakke. Levanger Mållag stilte mannsterke opp og hjalp til, og etterpå spanderte dei middag på oss.

I morgon er det 1. mai, og då tek nynorskstafetten ei lita velfortent pause.



onsdag 24. april 2013

Alvdal, Tynset og Orkanger

TYSDAG: Alvdal og Tynset
Vitjing på Nord-Østerdal vgs. Elevane hadde førebudd seg godt og fleire hender var klare med ein gong me opna for spørsmål. Heile dagen vart meir ein samtale med elevane om sidemålsundervisinga og ei kjapp innføring i nokre av dei lange linene i språkhistoria. Etter den eine timen kom ein elev bort til oss og fortalte at han no forsto kvifor ein lærer sidemål. Lærarane var entusiastiske og fekk med seg ein sidemåls-pamflett for vidare diskusjon med elevane.

Midt på dagen hadde me litt lite å gjera på så då køyrte me til Alvdal og gav like så gjerne ein stafettpinne til Aukrust, Ludvig og Solan Gundersen. Me fekk òg høve til å kikka på verdas største spark!

Om kvelden var det stor fest på Basheim i Alvdal. Her vart det føredrag med Ola Jonsmoen, song, musikk frå det lokale spelemannslaget og dans med folkedansgruppa. Leiar i Alvdal- og Tynset Mållag, Tor Sørdal Bue, fekk overrekt ein stafettpinne som symbol på det arbeidet dei gjer, og på at Aasen, som Nynorskstafetten, òg var i dette området og samla dialektord. Den svarte protokollen me har med oss, der nokon frå kvar stad me er på skal skriva, vart fyllt opp av helsingar og lokale dialektord.

Martin tok sjølvsagt ansvar på vegne av Nynorskstafetten då det var tid for åresal, og jaggu vann han òg!

Nynorskstafetten takkar for ein fantastisk dag!

ONSDAG: Orkanger
Ein fin og solrik dag. Bilen køyrte frå Tynset litt over klokka sju for å koma fram til Orkanger til timane me var sett opp på der. Bilturen var i og for seg sjølv ganske spanande, då GPS-en tydelegvis likar å velja naturskjøne, framfor reelt effektive, ruter. Det var difor mange gardstun som fekk vitjing av ein oransje bil i dag, i full fart på gjørmete sidevegar. På Orkdal vidaregåande skule (sic.) prata me med til saman 82 elevar fordelt på to førsteklassar og to tredjeklassar.

No køyrer me snart inn til Trondheim for å lada opp før ein lang og intensiv dag på Rosenborg skole i morgon.







mandag 22. april 2013

Folldal i lunefullt aprilvêr

Den oransje stafettbilen er framme i Folldal. Dagen starta på skulen der over 30 9. klassingar fekk læra meir om Nynorskstafetten og ei kjapp innføring i målsoga. Så køyrte bilen borti vegen til barnehagen der 14 ivrige 5 åringar fekk høyre om Berte og Iver, og lærte at dei faktisk talar spansk i Spania. Dei var imponerte over den oransje stafettbilen og fekk stafettballongar dei kunne leika med i gymsalen.

Etter barnehagen var det opp på friviljugsentralen for ein matbete og litt informasjon til 16 vaksne damer som hadde vore på trim. Me prøvde så å få til ein stand på Torget, men måtte gje oss etter kort tid grunna kraftig vind. I staden sneik me oss innom kommunehuset i von om å i alle fall få lagt att noko informasjon til ordføraren. Ordføraren sjølv, Egil Eide, tok vel imot oss og fekk overrekt ein stafettpinne og ei oppmoding om å hugsa på at det framleis bur mange nynorskbrukarar i kommunen, sjølv om det ikkje lenger finst ein nynorsk skulekrins.

Dagen vart avslutta med ei samling av over 50 tilskodarar på dialektkveld med Tor Erik Jenstad, etterfølgt av trekkspel-, fele- og fløytelått. Her vart òg ein av medlemene i Folldal Mållag heidra etter å ha vore aktiv i laget sidan 1972.

Planleggjinga av 100årsjubileet til Folldal Mållag har alt teke til, og det er lita tvil om at nynorsken på sitt vis lev i beste velgåande hjå mange i den lokale folkesetnaden. Vonleg vil mållaget leva lenge her.







fredag 19. april 2013

Heime hjå Ivar Aasen

Laang køyretur frå Lindesnes i sør til Ørsta - men mykje greiare enn me hadde trudd: Bar veg mest heile vegen til Strynefjellet. Der var det snøver, men det hadde nett byrja, så det gav ingen problem, for plutseleg byrja tunnellane, og etter dei var det berre regn. Byrja tidsrekninga i Kr.sand, klokka var 18.00 då me drog derifrå, og ho var 06.00 vel framme i Ørsta. 12 timar minus 2-3 stoggar på tilsaman 30-40 minutt var berre barnemat for sjåførane som delte på oppgåva, Cesare Sciardi og Borghild Løver. Såleis var stafettbilen på plass i goood tid føre landsmøtet, der fylkesleiaren i Aust-Agder Astrid Myhre tok godt imot oss. Det er mest så ein ikkje trur det, for Borghild har vel aldri nokosinne kome så tidleg føre eit møte... Herleg å vere i Aasen-land, er som å vere heime!





onsdag 17. april 2013

Forfattar saman med Nynorskstafetten på skulebesøk på Vegårshei

Kjekk 10. klasse fekk forfattar Gunstein Bakke som gjest i fyrste time i dag. Noko trøytte var dei, for det var ikkje veldig mange spørsmål dei hadde, men interesserte og lydhøyre var dei like fullt. Etterpå fekk dei prøve seg på seksordsnovelle for fyrste gong. Og Vegårshei Mållag ved Ingjerd Myhre Bygstad fekk overlevert stafettpinnen av Gunstein Bakke.

tirsdag 16. april 2013

Litteraturkveld med konsert i Gjerstad Mållag

Veldig interessant litteraturkveld med Gunstein Bakke på Gjerstad folkebibliotek i kveld! Forfattaren tykte det var høg kvalitet på publikummarane, som ikkje var det minste redd for å spørje om alt mogleg. Han las høgt frå fleire av bøkene sine.
Etter ein liten kaffipause med biteti var det tid for ein halvtimes folkemusikkonsert med Olaf Moen og Borghild Løver. Han imponerte med å framføre ei tømmarhoggjarvise frå Gjerstad blant eitt av nummera. Hilde Stave var til stades som NMs forlenga arm, og saman med Gunstein Bakke overleverte ho stafettpinnen til Jon Olav Gryting, nestleiaren i Gjerstad Mållag. Lokallaget var særs effektive i organisasjonsarbeidet sitt, ettersom dei hadde årsmøte føre litteraturkvelden. Sistnemnde vart skipa til som eit veldig godt samarbeid med Kari Borgen og folkebiblioteket.





mandag 15. april 2013

Skule- og barnehage på Byremo fekk Nynorskstafetten i dag.

10.klassesteget på Byremo fekk vere med på Nynorskstafetten aller fyrst i dag. Fylkesleiar i Vest-Agder Mållag, Hilde Stave, og ferdaskrivar i Mållaga på Agder, Borghild Løver, tok ein liten, rask språkhistorietime for elevane, som etterpå fekk øve seg i nynorsk med stiloppgåver og seksordsnovelle.
Høgtlesing og ein liten songleik i barnehagen på Byremo for 3-6-åringane var moro, særleg fordi Grindheim Mållag hadde med seg ei flott bokgåve som ein av ungane hjelpte til med å opne. Det var "Fant og skjora blir venner" av Solveig Eiken som dukka opp under gåvepapiret, og den måtte me sjølvsagt lese frå.
Marit Grindheim hadde laga herleg lasagne då Grindheim Mållag innbaud til lønsjmøte med ordføraren. Han kom med ei hyggeleg innrøming som høyrdest ut som musikk i mållagsøyre: Når det var hjartespråket det galdt, så var det berre nynorsken som kunne nyttast. Hilde Stave overrekte stafettpinnen til ordførar Tønnes Seland (i midten) og leiaren i Grindheim Mållag, Torje Karsten Grindheim.
4. og 5. klasse på Byremo barneskule fekk eit innblikk i gode, gamle Ivar Aasen og nokre songleikar til slutt. Og aller sist på dagen var det 6. og 7. klasse som stod for tur. Veldig moro at det her var særs språkmedvitne elevar som var stolte av dialekten sin.











søndag 14. april 2013

Stafetten er i Lindesnes i dag!

'Herlihed' for ein FANTASTISK konsert i Vigelandstua i kveld! Odd Nordstoga, Ingebjørg Bratland og Gjermund Silset leverte heilt utruleg bra folkemusikk, og cd'en 'Heimafrå' bør rett og slett alle springe og kjøpe! Ein framifrå måte å feire Ivar Aasen og Nynorskstafetten på! Odd overleverte stafettpinnen til leiaren i Lindesnes Ungdomslag Borghild Løver, som lova å ta vare på nynorsken.















lørdag 13. april 2013

Bilete frå barnehagen

Her kjem eit bilete frå vitjinga i barnehagen i går. Det er på trykk i TA i dag.

Fotograf: Alexander Lehmann

Språkdagsstand, snjo, stavkyrkje og stafettpinneoverrekking!

I dag er me på Vest-Telemark museum ved Eidsborg. Her har me hatt stand, og har vore med i paneldebatt. Programmet for dagen på museet var tettpakka med godbitar som omvising, teater, føredrag og komle, som visst nok var favorittretten til Aasen.

Det dukka opp mange lokale mållagsfolk, og det var stor stas å få helse på!

Som avslutting på etappen vår, overrakk me stafettpinne til Olav Felland på vegner av Tokke Mållag.








Dette har me lært i Telemark

No har me vore i Telemark i godt over ei veke, og på turen har me lært mykje rart. Me har møtt mange ulike menneske, og vore mange ulike stadet. Me har lært mykje rart om kvarandre, og mykje rart om fylket.

Ting Anne har lært i Telemark:
- Snjoen kan kome fort, sjølv om det er april, og då er det ikkje so godt med heilårsdekk.
- Å fylle diesel er ikkje lett i Kviteseid, men i Seljord er det ikkje noko problem.
- Kling er det same som lefse. Og det er veldig godt!

Ting Ulrikke har lært i Telemark:
- Fyresdal er det finaste plassen i Vest-Telemark, det seier alle me møter! (Og so må eg jo seia meg einig i at det er veldig flott der.)
- Alle kjenner Anne eller foreldra hennar.
- Det er ikkje berre berre å koma seg ut igjen av Telemark - i alle fall ikkje med kollektivtransport!

Me har båe lært at Telemarkingar er opne, rause og gavmilde menneske som hjelper til dersom det trengs. Dette har vore ei flott veke!

Takk for no, stafetten!







fredag 12. april 2013

Dalen-dagen!

I dag har me vore i Tokke kommune heile dagen! Det starta med vitjing på Vest-Telemark vgs. Der kom elevane frå Tokke skule til auditoriet. Det var ein triveleg gjeng, som hadde mykje kunnskap! So bar det opp til Høydalsmo. Der hadde me fyrst ei gruppe med elevar frå 1.-5. klasse. So ei gruppe med elevar frå 6.-7. klasse, med dei var også elevar frå Lårdal barneskule, i klassespennet 1.-7 klasse.

Med oss på skulane hadde me Bjønn Fauske Lysdahl. Han spela gitar og song for elevane. Det var kjekt med litt andre impulsar, både for elevane og oss! I tillegg hadde me med oss Olav Felland frå Tokke Mållag. Han vart òg med vidare til barnehagen. Der møtte me 18 nyfikne born, som syns det var stas med vitjing. Ulrikke Sægrov sitt rosa hår fallt i smak hjå dei små. Me vart overfalla med klemmar då me skulle reise, og Anne Straume fekk til og med teikning (sjå biletet lenger nede).










torsdag 11. april 2013

Tur til Tingvoll og Berge

Seinare på dagen reiste me fyrst til Tingvoll, som er den gamle kommunesalen. Der fekk me høyre nokre flinke ungar synge stev og danse for oss. Før Anne fortalde litt om stafetten. Dette var gillt! So dukka spelemannslaget opp for øving, og då trakk me opp til garden Berge. Der har han Ivar vore sjølv, i 1853. Oppe på garden var det kaffi og kling, medan Olav Nordstoga fortalde om reisene til Ivar Aasen i kommunen. Det var ei flott innleiing, med mellom anna sitat frå dagboka som Aasen skreiv. Der skraut han stort av vertskapet som var rause og opne, og Aasen kjende seg som ein son på garden. Dette har ikkje forandra seg dei seiste 160 åra! Over alt der me reiser vert me tekne i mot med opne armar!

Olav Nordstoga fekk overrekt stafettpinne, som eit minne om vitjinga her.

Som tidlegare nemd har det vore svært so glatte vegar i Telemark denne veka, og tunet på Berge var ikkje eit unntak. Då me skulle reise sklei me ut og satt oss godt fast, men då var gjestene raskt ute med både ei og to og tre hender til hjelp.

Her kjem nokre bilete frå dagen:





Skulevitjing i Rauland

I dag har me vore saman med 8.-10 kl frå Rauland skule. Det var omlag 100 elevar samla i Raulandshuset. Det var ein livleg gjeng. Elevane hadde nokre tankar rundt språk, og dei fleste hadde nynorsk som hovudmål. Det er alltid stas!



onsdag 10. april 2013

I hjarta av Hjartdal! (med overrekking av stafettpinne)

Stafetten har i dag vore i Hjartdal! Her har me vore på mange skulevitjingar, innom på nesten alle trinn frå fyrste til tiande klasse på Hjartdal skule, Tuddal skule og Sauland skule. Før siste skulevitjing, hadde med møte med leiinga i kommunen. Der snakka me med ordførar Sven Tore Løkslid, rådmann Rune Engehult og kommunalsjef for skule og kultur Bjørn Rugaas. Ordføraren fekk overrekt stafettpinne og Viljen til språk av Ulrikke Sægrov. Som avslutting på dagen sto me på stand i sentrum. Med oss i bilen har me hatt med oss Olav Tho heile dagen som vegvisar.