mandag 25. februar 2013

Måndag 25. februar MOLDE

Kva kan vera betre enn å vakna til Romsdalsfjella bada i sol? Augo sveipte over tindane og hjernen vart budd til Stafett.
Molde Mållag har sett i gang eit storslege arbeid i barnehagane i byen. Det byrja i dag, på Langmyra barnehage der Anne Hungnes trylle fram segner og soger frå Romsdal so borna vart mest forveksla. Hungnes las og song, og dei små var kje vanskeleg å få med på songen og leiken. Og var det ikkje likt so fekk jamvel me vaksne læra noko med; ikkje visste eg opphavet til ordet 'hespetre', der Hungnes song og spann ulla! Det er eit retteleg storarbeid Molde Mållag har sett i gang, og venteleg kjem det til å bera frukter for målreisinga i Molde.

Dinest bar det til sentrum der me parkerte bilen framom torget slik at ingen moldensarar kunne unngå å sjå oss. Etter eit lite ble med utdeling av materiell, tusla me til kontoravklaring åt ferjelaget Fjord1. Der møtte me kommersiell sjef Frode Ohr. Ohr kom radt frå arkivet med bilete av gamle båtar i reiarlaget. Og tru om ikkje fyrste biletet var av dampferja IVAR AASEN! Båten kom i 1885 - same året som nynorsk vart offentleg riksmål i Noreg. Dy og pine! Og Ohr heldt fram: Etter ein ide frå leiar i Molde Mållag, Einar Langset, ville han pynte dagens Ivar Aasen-ferje med versestrofer av Aasen. Dessutan også på engelsk og tysk! Slikt høver for verdas største nynorske reiarlaget, målte Ohr. Me kunne ikkje vera meir samd!

I ein slags bakgård ligg det nye kulturhuset i Molde med det lite snobbete namnet "Plassen". Plassen hyser bibliotek, teater, Moldejazz, kafé og mykje meir. Der fekk me møte ei stram dame, Ely Sisilie Bergum, biblioteksjefen. Ho melde hardt og klårt om kor skoen trykkjer: lærebøker som kjem for seint og mangel på lettlesne bøker på nynorsk for born i skulealder. For ein flott alliert for målarbeidet i Molde.

Oppglødde og med store smil over heile andletet gjekk me over gata til Romsdal Budstikke der kulturredaktøren tok i mot oss med kaffi og spørsmål. Me nytta sjølvsagt høvet til å takka avisa for den store auken nynorsk i avisa. T.d. var framsida i dag ein feit nynorsktekst. Bladfyken vart gira av soga om ferja Ivar Aasen og truleg les me om henne dei fyrste dagane.

Dagen enda på rådhuset der ei flott nordnorsk venstredame ynskte oss velkomen. Frøydis Austigard tok hjarteleg mot stafettpinnen og ynskte oss til lukke vidare på ferda.

Akk, det var ein flott dag i vakre Romsdal.









søndag 24. februar 2013

Fræna, sundag 24. februar

Ikkje langt frå Rosenes by er Skaret og Elnesvågen, i Fræna. I solskinn og klårt vêr stod Romsdal Mållag ved Øyvind Fenne og Ove Strømme og eg, på Skaret, staden der så vel moldensarar som fræningar fer på ski. Bilen stod strategisk plassert slik at skifolket laut passera oss, og brått hadde dei eit flygeblad eller to i handa frå Stafetten. Øyvind hadde laga eigen quiz om romsdalsord og skifolket gav honom mykje åtgaum for det.

På kvelden laga Romsdal Mållag ei svært hyggelig samkvem på biblioteket. Eit tjug folk fekk høyra eit forvitneleg føredrag om Henrik Rytter. Anne L. Vatne Eide las eigne dikt og dotter hennar kleda. Til sist fortalde Ingar Sveen om Per Sivle og dikta hans, og før me gjekk heim song me Den Fyrste Song. Det var so fint at augo mest vart blaute. Stor, stor takk til Romsdal Mållag for ein fin mål- og litteraturkveld.

lørdag 23. februar 2013

Over langfjella

På turen frå Oslo sat eg saman med Knut Åge Teigen, målmannen i Snøballfilm. Han fortalde om ein ny film han lagar, om fleirspråksforståing i Norden. Svært interessant.

Eg lærer å bruka iPad

Eg tok bilete av ein pizza. For eit vêr det er her!

søndag 17. februar 2013

Vinterferie for stafetten

I går kveld parkerte eg stafettbilen på Sandane. Den har køyrt 1036 km i nynorskens teneste. No vert det vinterferie ei lita veke.



lørdag 16. februar 2013

Arnfinn Kolerud underheld på biblioteket

Han har skrive to artige bøker: "Når ein først skal skyte nokon" og "Kom ikkje inn i mitt hus". Han både teikna og les opp frå bøkene. Veldig kjekt!









Standslaurdag i Florø

På Amfi var det stand med musikk, kaffi og sjokolade (vunne på quizen på Eid). Vi delte ut Dag og Tid, Norsk Tidend, Norsk Barneblad, ballongar og jakkemerke. Vi verva også medlemer. Ein god standsdag, med andre ord.







Ut mot havet

Nynorskstafetten har endeleg kome til Flora.

fredag 15. februar 2013

Gåte om Ivar Aasen

Denne fjorden reiste Ivar Aasen over den 4. oktober 1842. Kva heiter fjorden?

Nynorskquiz

Tre på nynorskquiz på Nordfjordeid: Hege Lothe, Elin Grinde og Nora Martine Hjelle Strand.

Nyvaska stafettbil

For ein flott nyvaska bil!

Språkfest i Vadheim

Veldig flott kulturkveld. Over hundre møtte fram og fekk med seg ein veldig flott kulturkveld. Helga Hjetland fortalde levande om Vadheim-resolusjonen vedteken i september 1884, som vart avgjerande for jamstellingsvedtaket 1885. Det var song, kåseri og servering. Og dessutan fekk Høyanger kommune, representert av Anita Norheim, overrekt ein raud stafettpinne.





torsdag 14. februar 2013

Nynorsk i vinden

Det bles friskt i Høyanger i natt og i dag, og me smør ikkje tjukt på om me seier at Nynorskstafetten har hatt god medvind denne dagen. I alle fall har me hatt det svært så kjekt; me har treft barnehagebarn og elevar på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. I kveld vert det kulturkveld på Vadheim skule, med song, segner, føredrag om Aasen og om vadheimresolusjonen som førte fram til jamstillingsvedtaket i 1885. Me gler oss!

Nedanfor ser de nokre glimt frå dagen. Kristin fer heim til Elverum i kveld, men ryktet seier at ho skal vera med på nokre etappar utpå sumaren.





Eg er jente

Notat hjå elev på Kyrkjebø skule. Hjarte rundt nynorsk.

onsdag 13. februar 2013

Ferjing

Blid sjåfør på ferja frå Hella til Dragsvik, etter ein flott kulturkveld på biblioteket i Sogndal. To lærerike føredrag ved Oddmund L. Hoel og Øystein Vangsnes, knakande gode kaker og kring 40 frammøtte.

Edred

Parkeringsbot på nynorsk

Det syne seg at kommunekasseraren i Sogndal deler ut parkeringsbøter. Men Kristin har rett i at det er formildende at den er på nynorsk.

Sånn er det bare

I dag har rektor ved Sogndal vgs, Marta Sofie Vange, gått ut og kritisert debattboka "Sånn er det bare" (Aschehoug) som i år vert utdelt til alle elevar i 2. og 3. klasse i vidaregåande skule i høve Stemmerettsjubileet 1913-2013. Rektor Vange meiner det er urimeleg at nær alle tekstene i boka er skrivne på bokmål. Sogn Avis intervjua Vange og lærar Øystein Rutlien. Mållaget støtta opp.

Stand i Sogndal

I dag står vi på stand på Sogndal vidaregåande skule. Vi har blitt forsterka med Janne Merete Bøyum som til vanleg er aktiv i Firda Målungom. Her er ho og Kristin i prat med nokre kjekke elevar.

tirsdag 12. februar 2013

Notat frå målsoge

Elevnotat frå målsogetimen til Kristin. Legg merke til hjartet rundt Aasen.

Årsmøte i Lærdal Mållag

Årsmøtet i Lærdal Mållag er i gang. Her vert det drøfta nynorsk strategi retta inn mot næringslivet.

Nynorskelev

Ingvard Blaaflat er nynorskelev i 10. klasse i Lærdal.

Elevane er klare

Ungdomskuleelevane i Lærdal er på plass og temmeleg klare for ein time med Nynorskstafetten. Også ordføraren i Lærdal var på skulebenken denne morgonen.

Skulebesøk i Lærdal

Nokre minutt før start. Tom sal...

mandag 11. februar 2013

Lystig i Luster

No er stafettpinnen komen til Luster i Sogn, der stafettfølgjet vart fagna av snø og skinande sol og trivelege sogningar. På føremiddagen vitja Kristin Fridtun ungdomsskulane i Gaupne og Hafslo. Der trefte ho kjekk nynorskskrivande ungdom som etter alt å døma saug til seg kunnskap om norsk målsoge og om jubilanten Ivar Aasen - endå det var tidleg måndag morgon. "Takk, Ivar Aasen!"-jakkemerka vart plent rivne unna! Samstundes møtte Oddmund L. Hoel frå Luster Mållag og Hege Lothe barnehagetilsette i Gaupne, så gjekk turen til rådmannen og kompani i Luster kommune. Litt utpå dagen samla me troppen og stod på stand på Pyramiden i Gaupne.

Den staselege stafettbilen lyser opp der han fer; på parkeringsplassen utanfor Pyramiden var det endåtil nokon som såg seg nøydde til å fotografera han. Det skjønar me godt!

Neste post på programmet er kulturkveld på Gaupne hotell, etter årsmøtet i Luster Mållag. Då blir det språkkåseri og allsong, for å nemna noko.

søndag 10. februar 2013

Søndag i Sogn i sol

Det er reint synd å skulle reise frå slik strålande natur i beste godvêret, men mine to Nynorskstafettveker er no over. Hege Lothe tek over bilen i dag, og ho held fram med stafett i Framtidsfylket neste veke.

Det har vore ei stor glede og ei solid energiinnsprøyting å møte barnehageborn, skuleungar, skuleungdomar, ordførarar, rådmenn, lærarar, førskulelærarar, bibliotekarar, kommunetilsette, etatsleiarar - og framfor alt alle de utruleg flinke koselege og omsorgsfulle målfolka frå lokale mållag.

Beste nynorskstafetthelsing frå Håvard, leiar i Noregs Mållag

Ivar Aasen-afta i Vikjahalli

Dei to første vekene med Nynorskstafett slutta med ein dundrande suksess av ein festkveld i Vik. Full Vikjahalli og stormande applaus.









lørdag 9. februar 2013

På plass i Vikjahalli

No er Nynorskstafetten på plass i Vikjahalli. Her er det Ivar Vassli Brekke som står bak standen.

Sogn Avis: Nynorskstafetten til Luster på måndag



Sogn Avis: Festkveld for Ivar

Sogn Avis skriv om festkvelden i Vikjahalli i kveld.

Livet på stand

Nynorskstafetten har med seg stand og materiell på ferda. Her er Jens Brekke frå Vik Mållag og Håvard Øvregård frå Noregs Mållag på stand i Vikøyri