torsdag 21. mars 2013

Østfold mållag og Østfold dialekt og målungdom!

Det nyaste lokallaget åt Norsk Målungdom er no stifta, i Fredrikstad! Karl Peder og Anne er svært imponert over dei flotte ungdomane som er her i Østfold! Her kan de sjå eit bilete av den flotte gjengen saman med Brageprisvinnar Lars Amund Vaage. Stafettpinnen er òg levert til Magne Aasbrenn i Østfold mållag, lukke til med det vidare målarbeidet!



Starten av eit målungdomslag

Her har me dei tre fyrste! Og fleire kjem...

Sashbårr

Frå venstre: Hedda og Sanna

Dialektord i Sarpsborg

Frå venstre: Johanne, Rita, Bennedicte og Josefine

onsdag 20. mars 2013

Parkeringsskryt

Eg har sett Sveinung parkere, og er imponert. Han får til og med skryt frå andre, klistra på vindauget:


Bassengdebatt

Sveinung Rotevatn og Anne Svanaug Straume har vore i bilen i dag. Fredrikstad og Sarpsborg var destinasjonane. Me hadde ein paneldebatt, i eit gammalt basseng, med to lokale FpUarar på Fredrik II vgs. Det var ein roleg debatt, sjølv om FpU-gutane plaska litt på djup grunn. Det verka som fleire av elevane forstod at undertrykking av nynorsk og dialekter heng saman! Med oss i debatten var Daniel F. Moen, elev ved Oslo katedralskole. Han gjorde ein god figur.

Då klokka nærma seg 1300 kom me fram til matstova i Sarpsborg. Der møtte me lokallagsleiar, Ragnhild Lier, som tok oss godt i mot. Her var me fyrst i eit pressemøte, før me trakk inn i det verneverdige bygget og drakk kaffi og åt kanelbollar. Me fekk òg høyre på Gunnar Ottne fortelle om lokal målsoge, då med vekt på dialekt. Dette vare svært gillt! Her kan de sjå eit bilete av den flotte gjengen i Sarpsborg

tirsdag 19. mars 2013

Ås

I dag har det vore ein innhaldsrik dag på Ås. Me snakka fyrst for til saman kring 80 elevar på Ås Vgs. Så dro Birgitta vidare til Søråsteigen barnehage og møtte kring 50 ungar i alderen 2-5. Her talte me til fem på norsk, fransk, engelsk, dansk, svensk, spansk, arabisk, etiopisk og somalisk. Samstundes var Sveinung på seminar på UMB i regi av Ås Mållag.

Ein lang, men veldig kjekk dag!



mandag 18. mars 2013

Nynorskstafetten rullar vidare til Follo

I dag har me hatt ein strålande dag i Follo. Me var fyrst og tala for engasjerte elevar ved Follo Folkehøgskule, før bilen køyrte vidare til Kolbotn og møte i Follo Mållag i biblioteket i Kolben. På biletet vert stafettpinnen gjeven frå Sveinung Rotevatn i Noregs Mållag til leiar i Follo Mållag, Sigurd Birkelund.

I morgon står Ås for tur med besøk i skule, barnehage og seminar på universitetet.

søndag 17. mars 2013

På veg

Odin er sjåfør. Bilen køyrer innom landsmøtet til SV i Lillestrøm etter å ha vore på landsmøte i Norsk Målungdom i Fredrikstad.

torsdag 7. mars 2013













Vinstra og Gausdal

Har svært dårleg tid, så dette blir kort. Gårsdagen på Vinstra vart avslutta med ein strålande kulturkveld. Born frå kulturskulen hadde urpremiere på det nyskrevne skodespelet Ein sekk med mål av Bjørn Sletten. I dag har me hatt møte med kommuneleiinga i Gausdal kommune. På eit av bileta ser de Anders Bjørgo overlevere stafettpinnen til ordførar. Deretter vitja me fire barneskuleklasser, fire ungdomsskuleklasser og ei klasse på vidaregåande. Overalt vart me godt motteke, og me meiner at me nådde godt fram med bodskapen vår, spesielt til elevane på vidaregåande. Dei var engasjerte og saklege. Sjå bileta på neste innlegg

onsdag 6. mars 2013

Stand i Vinstra sentrum

I ettermiddag hadde lokallaget stand i Vinstra sentrum. Underskrive deltok ei stund, og det var lett å kome ikontakt med folk. Og sannelig trur eg at me verva eit par nye medlemmer også. På biletet ser de frå venstre Anton Slettemark, Sissel Løkken, Kari Jegersletten, Anne Midtbø, Paul Henrik Hage og Trond Halle.

Møte med Nord-Fron kommune

I kommunen sin språkplan heiter det at styringsmålet i Nord-Fron kommune i hovudsak skal vere nynorsk. Me i mållaget skulle sjølvsagt ønskje at det var nynorsk, berre nynorsk og ingenting anna enn nynorsk. Men elles har me lyst å skryte av kommunen sin språkplan. Og det gjorde me også i møte med dei to kommunalsjefane Tom Nøvik og Tove Haugli. Me hadde ein timelang samtale og opplevde dei to representantane for kommunen som lyttande og interesserte. Eg trur også at me fekk sådd nokre nye tankar om nynorsk for vaksne innvandrarar, der både Haugli og Nøvik var samde med oss om at bokmål her er kunstig, og at det kan skape distanse mellom innvandrarane og folket i kommunen elles? På biletet ser me frå venstre leiaren i Fron Mållag Paul Henrik Hage, kommunalsjefane Tove Haugli og Tom Nøvik og Turid Kleiva, ei eldsjel i målarbeidet gjennom fleire tiår.

Møte med 100 ungdomsskulelevar

Amfiet på Vinstra ungdomsskule var fullsett då styremedlemmene NM, Nina Berge Rui og Terje Kjøde, møtte ca. 100 ungdomsskulelevar til ein time om språk, språkval og fordelar med å vere tospråkleg eller meistre fleire språk. Det var ei fin økt, og elevane følgde godt med. Seinare i dag fortalde ei mor underskrive at sonen hennar kom heim og sa at han hadde bestemt seg for å ha nynorsk som hovudmål på vidaregåande. Det kan vel tyde på at me ikkje sådde på steingrunn.



Nynorskstafetten i Vågå

Ivar Schølberg har lagt ned eit kjempearbeid i Mållaget Ivar Kleiven. Her tek han over stafettpinnen frå Terje Kjøde i NM

Kulturkveld med kviss i Vågå

Nynorskstafetten i Lom og Vågå vart avslutta med kulturkveld og kviss med stor deltaking og godt humør. Spørsmåla var krevjande, men alle laga innerste med store kunnskaper. Terje Kjøde kåseriet om endringar uheldig var til nynorsk frå etterkrigsårene til i dag. Mållaget Ivar Kleiven driv godt, ikkje minst takka vere leiaren Ivar Skjølberg. Medlemstallet har auka mykje, og laget har i dag 109 medlemmer. Avisa GD dekte tilskipinga med to helsider i dag.

Nynorskkafe i Vågå

Me har nettopp avslutta ein nynorskkafe på frivilligsentralen i Vågå. Oppslutninga var særs god, store delar av den fire-fem timar lange opningstida var det fullt. Eit høgdepunkt var Gro Heitkøtter sitt lysbileteforedrag om faren og onkelen og deira omsluttet for og kjærleik til naturen. Detvar rett og slett gripende, Mållaget Ivar Kleiven driv godt, ikkje minst takka vere leiar Ivar Skjølberg. På få år har medlemstallet auka frå 38 til 109. Det er berre å gratulere.





søndag 3. mars 2013

Surnadal

E satt ved elven på Vinnavolla
æn kveld da Driva av stor og stri
Og vårkveld va det og rænt færtrolla
e vart tå bøgdn slik blomsterti

Slik opnar Nordmørsminne av Hans Hyldbakk, han som er sjølve ikjøtinga av Nordmøre. Kjem du til Skei i Surnadal er det fyrste du ser Vårsøg Hotell. Ja, nettopp Vårsøg, diktet som Hyldbakk skreiv fredsvåren 1945 og som Med Henning Sommero er sangen inn i hjarte til oss alle.

Nuvel. Hyldbakk har dikta sitt siste vers, men i Surnadal finst Sverre Hatle. Hatle er "stolpin" som nordmøringane seier, den som mest av alle ber arven frå Hyldbakk vidare. Sverre Hatle ynskte meg velkomen og tok meg til ungdomsskulen klokka 8 om morgonen. Der hadde me eit møte med rektor og lærarar om korleis få elevane til å halda på nynorsk etter ungdomsskulen. Surnadal er ei nynorsbygd, men også her kjenner elevane presset frå bokmål allstad. Det vart ein fin samtale og eg er viss på at det skal gå å samarbeida med skulen framatter. Etter møtet var det føredrag i klassar på skulen. Etter dugurd tusla me nokre får meter og hadde føredrag på Surnadal vgs. Lærarane der fortalde at, jo, det er ein del målbyte frå nynorsk til bokmål, og at ja, det søker mest i byrjinga av 1. klasse.

Det slo meg, der eg preika til, men og med elevane, at dei kulturelle (og dimed språklege) ideala hjå elevane i Surnadal tangerer ideala til ungdomen i Setesdal (og Zambia!): heimemålet kjennest "umoderne", medan storspråket lyfter dei opp og fram i verda. Det er ikkje bra, slett ikkje bra, og eg prøvde å påverka dei til å sjå at dei slett ikkje treng å gå omveien via Oslo, London eller New York for å verta moderne, men at dei, mykje meir enn ungdomane på Oslo Vest og i Bærum, nettopp er fleirspråklege og fleirkulturelle - og difor uendeleg mykje meir moderne! Vonleg fekk dei noko rakare rygg og vonleg torer dei mæla klårt og tydeleg til kven det måtte vera: Nynorsk er tøft!

Etter denne tunge misjoneringa gjekk turen til Mr Nordmøre Mållag himself, Nils Ulvund, som helsa med at "sengja di e klår, Ingar". Gud veit kor mange gonger Nils har høyst meg og eg visste at på Olvund ville eg sova godt og verta budd til å føra stafetten til Sunndalsøra neste dag.

lørdag 2. mars 2013

Kristiansund

Når du køyrer Atlanterhavsvegen på Averøya (eigenleg Haverøya!), kjenner du at lufta på eit vis vert annleis enn i Romsdal. Det luktar meir...... svaberg, meir nordvestleg vind, meir fisk og tare, og jamvel l-en er tjukkare her enn i Romsdal! For vår eigen del kjenner me angen frå sutalause feriar på Smøla og lukta tå blandaballane hennar bestemor. Ball skulle det verta, men fyrst bar det Kristiansund vgs, saman med Jon Ingvald Håbrekke frå Fosna Mållag. Der møtte eg ein av dei mest spennande lærarane eg har møtt (og eg har møtt mange): Merethe Bratsberg Aae. Det er sjeldan å møta ein lærar med slik ekte kjærleik til faget. Og best som det var, gådde eg at det var same personen som fekk stipend frå Noregs Mållag for å laga sidemålsblogg (sjå http://brusegjengen.blogspot.no/). På skulen hennar heldt me føredrag for to klassar (høflege elevar som stilte gode spørsmål). Sist på dagen var me attende på Kristiansund vgs der Aae gav oss 45 minutt på eit lærarmøte (der me rødde mykje om nynorsk i andre fag enn norsk. Dei verka svært interesserte, lærarane).
Mellom bolkane på Kristiansund vgs vitja me Atlanten ungdomsskule og Atlanten vgs. Det var rett hyggeleg, og det tyktest som om elevane var tolleg nøgde, dei med. Me hadde òg eit møte med rektor og inspektør på Atlanten vgs om positive sidemålsforsøk. Dei var slett ikkje uinteresserte, og ville gjerne fylgja opp, men me beit oss merke i ei utsegn rektoren: Han undra seg på nytta av sovorne forsøk "dersom eigen karakter i sidemål skulle bort". Med andre ord: Vurderingsordningane styrer undervisninga. Ei kjennsgjerning som toppane i direktorat og departement sjølvsagt kjenner til, men vil dei ta det med i avgjerda si?
Kristiansund er ein sånn typisk norsk liten kystby der arkitekturen stort sett er mindre pen frå 1960-tal og 1970-tal. Like fullt skil byen seg litt, ikkje minst av di han eigenleg er tri holmar (øyar), og av di sentrum, som er på Kirklandet, er vegar som rullar nedover i bakkar ned til Vågevegen/Fosnagata (sjekk namnet!) - og ein av hovudvegane heiter sjølvsagt Kaibakken. Typisk er diverre byen ogso når dei gjeld medvit og tenking om språk: Nynorsk høver ikkje i denne (klippfisk)byen av di her rår bymål. Jauhau, tenkjer eg, og høyrer fosnamålet i øyra og knapt finn ann enn eit stålstramt norsk målføre - jaja, visse danismar (frem, hjem, glem, sne osv - nett som i norsnorske byar) sprett fram, men dei er unnataka i ein flott dialekt! Det er på Nordmøre som alle andre stader i Noreg: Det er tenkjeorganet, ikkje taleorganet som avgjer kva me skriv!
I alle klassane me var i møtte me einast postive tilbakemeldingar frå elevane (og lærarane). Og me vart spurde om å koma att. Kjekt!
Dagen vart runda av med nordmørsk herleg baill, gud betre so godt.