fredag 7. juni 2013

Glimt frå kulturkvelden 6. juni

Takk for ein fin kveld på Kvalatun! Her kjem nokre glimt frå tilskipinga. Legg særskilt merke til den store plakaten (eller banneret?) av Aasen oppe til venstre. Det hang jamvel eit målarstykke av han på eine sida av veggen, noko Solgunn Liestøl - leiar i Karmsund Mållag - minte oss på før kvissen: "Hugs at Ivar Aasen ser på dykk frå to kantar!" Då var det nok ingen som torde å juksa ...
Vissjasskoret som fem fine songar for oss, mellom anna ein rå versjon av "Kjerringa med staven".

Lektor Helge Dale Selsås heldt eit interessant og friskt føredrag om særskriving (best kjent som orddelingsfeil). Tilhøyrarane lo godt av klassiske konstruksjonar som "sukker biter" og "ananas ringer", og ikkje minst av dei meir avanserte "bruk og kast kulturen", "ekte hånd lagde lefser" og "frank furter". Me drøfte tenkjelege årsaker til fenomenet og kva fylgjer slik språkbruk har for kommunikasjonen. Me forstår jo kva som er meint, men avsendaren vert vel ikkje teken alvorleg når han skriv slik?