onsdag 5. juni 2013
Svingom i Sveio
Så er stafetten komen til Sveio! Det var eit varmt møte mellom bilen og meg (Kristin); me vart kjende på etappen i Sogn i februar - og såg kvarandre så vidt i Elverum i mars. Attersynsgleda var til å ta og kjenna på! Dagen tok til med skulevitjing på Sveio barne- og ungdomsskule. Her var eg innom seks klasser, tre åttandeklasser og tre niandeklasser. Mange av elevane hadde førebudd seg godt og pepra meg med gode spørsmål. Dinest var det møte med vaksenopplæringa i kommunen, og så rett til møte med ordførar Ruth Eriksen. I kveld vert det middag med Karmsund mållag. Åslaug Farestveit, leiar i Sveio mållag, har vore med heile dagen. Kjekt! I morgon: Haugesund.