tirsdag 21. mai 2013

Steinkjer 4. mai

Som det går fram av desse bileta,hadde Steinkjer Mållag laga til ein verkeleg superlaurdag i Dampsaga kulturhus i Steinkjer sentrum. Det byrja med barnetime med forfattaren Kari Smeland og med musikk av elevar frå kulturskulen. Janne fortalde om Noregs Mållag og arbeidet vårt der. Der var bokkafe med kaffi. Forfattar Torvald Sund, Vestmannen med Tore Gravås sto på programmet. Tor Erik Jenstad m/kvartett og Henning Sommerro var også mellom attraksjonane. Ordførar var til stades og fekk både "Viljen til språk" og stafettpinnen. Lokala var førebiøetleg ordna. Alt i alt ein skikkeleg superlaurdag i Steinkjer. Gratulasjonar og takk frå NM.