fredag 12. april 2013

Dalen-dagen!

I dag har me vore i Tokke kommune heile dagen! Det starta med vitjing på Vest-Telemark vgs. Der kom elevane frå Tokke skule til auditoriet. Det var ein triveleg gjeng, som hadde mykje kunnskap! So bar det opp til Høydalsmo. Der hadde me fyrst ei gruppe med elevar frå 1.-5. klasse. So ei gruppe med elevar frå 6.-7. klasse, med dei var også elevar frå Lårdal barneskule, i klassespennet 1.-7 klasse.

Med oss på skulane hadde me Bjønn Fauske Lysdahl. Han spela gitar og song for elevane. Det var kjekt med litt andre impulsar, både for elevane og oss! I tillegg hadde me med oss Olav Felland frå Tokke Mållag. Han vart òg med vidare til barnehagen. Der møtte me 18 nyfikne born, som syns det var stas med vitjing. Ulrikke Sægrov sitt rosa hår fallt i smak hjå dei små. Me vart overfalla med klemmar då me skulle reise, og Anne Straume fekk til og med teikning (sjå biletet lenger nede).