Både 7., 6. og 5. klasse på Folkestad skule fekk nynorskstafetten på vitjing. Veldig trivelege elevar, engasjerte lærarar og hyggeleg administrasjon på denne staden, nett slik det var på dei andre skulane me har vore på denne veka. Vebjørn Sture fortalde om 200-årsbursdagen til Ivar Aasen og bakgrunnen til bokmål og (ny)norsk, og var mektig imponert over norskinteressa til alle elevane. Bø Mållag har vore gilde og løyvt 3.000 kr til innkjøp av nye bøker på Folkestad skule.