Etter turen til biblioteket var det barnehagen sin tur. Her vart me møtt i porten av nyfikne ungar som var ute og leika. Inne var det fyrst huggeleg samtale med dei tilsette over kaffi og frukt. Både dei tilflytta og dei innfødde tilsette er språkmedvitne, og jobbar aktivt med språk i barnehagen. Dei vil ha nynorske dataspel og brettspel, som dei kan nytta i barnehagen. Etterpå traff me alle ungane på store avdelinga og hadde lesestund.
Overrekkinga av stafettpinnen fann stad etter vitjinga i barnehagen. Benedikte Vonen, syster av språkrådsdirektør Arnfinn Murvik Vonen, mottok stafettpinnen på vegner av Nissedal kommune. I Nissedal jobbar dei aktivt med å laga strategiplanar om bevisst språkbruk med vekt på dialekt og identitet.