torsdag 22. august 2013

Austevoll

I dag har me hatt parallelle opplegg frå tidleg morgon på Austevoll ungdomsskule, og deretter i to ulike barnehagar. Nettopp av di ingen har vore fri medan den andre har vore i sving, har me ingen bilete frå den moroa. Derimot har me nokre flotte foto frå Bakkasund, som er tilhaldsstaden vår i finvêret no, eit par timars tid medan me ventar på neste programpost. Sola skin, Ingar steikjer og sver om kor flott her er, og den nynorske Joker-butikken (Jokar?) forsyner oss med is og hovudmålsdrykk.

Heilt i nærleiken.

Bringebærsaft frå Urnes gard.

Ingar sleikjer sol og såft sjeik.

Rosabloggaren.

Vêret.

Omgjevnadene.

Og litt til.

Og endå litt. Austevoll <3