Då har me vore på stænd på sumarleiren til Unge Høgre. Har verva litt, diskutert mykje, og fått høyra veldig mange gonger om at dei song bursdagssongen for Ivar Aasen i går. Her er nokre bilete frå dagen.
Kristofer står klar med flygeblad, jakkemerke og ballongar i liberalkonservative fargar.
Leiar Paul Joakim Sandøy stilte viljug opp til stafettveksling, jamvel i passe oppstylta positur, slik det sømer seg når Nynorskstafetten kjem, jf. tallause liknande bilete tidlegare i år.
Og så tok me eit litt meir vanleg bilete. Merk stafettpinnen i kledeleg blåfarge for høvet.