Fjerde og siste stogg i den logistisk utfordra, men elles særs hyggelege nynorskkommunen Kvinnherad, var Husnes.
Etter eit lite møte, fekk kultursjef Kristian Bringedal overrekt stafettpinnen. Som vanleg gjekk denne seansen føre seg som reinaste kavalkaden i naturtru og lejdbæk positurar.
På kjøpesenteret fann me ein del utstoppa bokmålsbrukarar. Litt plastaktige, men tomme nok i blikket til å vera truverdige.