Kor mange elevar kan ein prata med samstundes? Kor mange ordførarar rekk ein prata med før arbeidsdagen er over? I dag var svaret 158 til det første og 2 til det andre, men i tillegg kom lokale mållagsfolk, kultursjefar, informasjonssjefar og direktørar. Og på toppen av det heile var det kulturelt innslag med Klungerrosa som har tolka songar av Ivar Aasen. Takk til ordførar i Fjell kommune for hyggjeleg prat, Sotra Kystby for lunsj, god nynorskbruk og prat, ordførar i Sund Kommune som møtte oss på Sund Senter og til alle andre som var med og gjorde denne dagen til nok ein suksess for nynorskstafetten. For dei som høyrer på Kystradioen vert det innslag om stafetten på Sotra førstkomande måndag.
31.08.2013:
I dag sto bilen parkert på Festplassen, midt i Bergen sentrum. Her fekk me høve til å prata med medlemer, forbipasserande og ein og annan turist.
Ordførar i Fjell kommune, Eli Årdal Berland mottek stafettpinne og ros for kommunens Målbruksplan.
Klungerrosa syng og skapar god stemning på Sartor senter.
Bergen mållag er klare for å møta bergensarane!