I går heldt ettermiddagen fram med mållagspizza på Kulturbakeriet på Storebø, og deretter ei kulturtilskiping i den gamle røykstova på Hufthammartunet.
Medan eg (Vebjørn) sytte for å æveleggjera den kulinarisk-sosiale augeblinken.
Tre meir eller mindre fylkeskommunale vossingar underheldt i Røykstova.
På ferjekaien vart me møtte av ein beint fram strålande solnedgang. Vakkert punktum på ein mest vindstille tjuegradarsdag.
Me prøvde å ta eit «elg i solnedgang»-bilete. Diverre hadde me ingen elg. Heldigvis hadde me ein god erstattar.