Åseral kommune inviterte til veldig triveleg kulturkveld. Programmet var både interessant og spennande. Eitt av høgdepunkta var song av Kari Røynelid og felespel av Mari Ormberg og Marit Røynelid. Dei er i gang med å samle inn kjende og ukjende folkemusikk frå Åseral. Og dette skal bli ei eiga CD-utgjeving.
Kari Røynelid er også varaordførar i Åseral kommune. Og på vegne av kommunen tok ho imot stafettpinnen på starten av kvelden.