Ingar teiknar og fortel for 9B. Kameraet til journalisten frå Suldalsposten så vidt synleg nede i høgre hjørnet.
mandag 10. juni 2013
Sand skule
Ikkje godt å seia om elevane greier å konsentrera seg om det som skjer inne, så fint som det er utanfor. Men to flotte 9. og 10. klassar har teke mot oss på Sand ungdomsskule i dag til nynorsktime. Ingen har så langt avslørt at dei tenkjer på å byta hovudmål på vidaregåande, ein bra gjeng!
søndag 9. juni 2013
lørdag 8. juni 2013
Avduking
I 1844 budde Aasen seks veker på Gjestgjevargarden i Skånevik, og det veit Skånevik Mållag å markera. Kake, song, dikt og dagboklesing stod på programmet før den høgtidelege avdukinga av minneplaketten over inngangsdøra på Gjestgjevargarden.
Aasen-stil
Me leikar ikkje nynorskstafett - det gjer i alle fall ikkje Hans Olav Tungesvik, som er uklanderleg ikledd ei nittitals-Aasen-skjorte med dertil høveleg Aasen-hatt.
Torgdag i Skånevik
Ja, no er me direkte inne frå Torgdagen i Skånevik, der dei lokale har diska opp med eit sceneshow som me i stafettkjerra har fått æra av å bidra til, i mellom imponerande song- og leseteateropptrinn med Ivar Aasen som tema, signert barneskuleelevane i bygda. No tek Kristin seg ein grautbit etter å ha kåsert om Aasens vombaspreng, før det ber vidare til plakettavdukingsseremoni på Gjestgjevargarden. Fylg med!
fredag 7. juni 2013
Alt vel i Vindafjord
Tradisjonen tru tok dagen i Vindafjord til med skulevitjing: To åttandeklassar ved Ølen skule fekk høyra om og drøfta Aasen, skriftspråk, talespråk, målbyte og dilikt. Som vanleg stod gleda i taket då dei etter økta fekk plukka med seg jakkemerke og - ikkje minst - stafettballongar. Etter litt kaffi og ein matbite på lærarromet, gjekk turen til Vågen barnehage. Ungane song så det gauv, me tala litt om språk saman, det vart høgtlesing og god stemning. Dei tilsette i barnehagen er svært medvitne og opptekne av at ungane skal møta mykje og god nynorsk. Gode greier! Dinest drog me ned til Ølen Senter og sette opp ein fin stand utanfor kjøpesenteret. Her kunne me lokka med kaffi og kaker (og Mozell, må vita), og nye medlemer vart det! Dessutan dukka eit kjent tv-andlet opp, rettare sagt Elin Tvedt, og ho stilte sjølvsagt opp til bilete framfor stafettbilen. Takk til Vindafjord Mållag for ein gild nynorskdag, særskilt takk til Kristine Dommersnes og Olav Skigelstrand, som heldt lag med meg heile dagen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)













