torsdag 6. juni 2013

Bra dag i Haugesund!

Etappen i Haugesund tok til med skulevitjing på Vardafjell videregående skole. Med meg på laget hadde eg Anna Strømme Svendby frå Haugesund Mål- og Ungdomslag og Solveig Fitjar frå Sunnhordland Målungdom - veldig kjekt! Etter ei fin økt med ungdomen (drygt 90 elevar), stod ungane for tur: Me drog til Amanda barnehage og tala om dialekt og Ivar Aasen - og mykje anna som fall dei i hug. Så var det attende til Vardafjell og ei ny økt for nye elevar. Dei gapskratta høgt og lenge då underskrivne slo til med eit (utilsikta) ordspel: Eg hadde nett fortalt at ordet kødd tidlegare vart mest nytta i tydingane 'testikkel og 'pung' og 'pute', og då eg skulle skildra korleis tydinga har vida seg ut, fekk eg ikkje sagt meir enn "så balla det på seg" før dei lo hjarteleg. Kvikke kids! Dinest møtte me ordførar Petter Steen jr. Han vart særs glad for bokgåva, Viljen til språk av godaste Grepstad. No ber det straks i veg til kulturkveld (med kviss) på Kvalatun. Og jaggu kom sola!