lørdag 10. august 2013

Medan me ventar

I går var ein ganske treig kveld på stænd. Det var relativt lite folk tidleg på kvelden, og svært lite ungdomar. Det kom seg då Vinnie (artisten, ikkje teddybjørnen) entra scena – men då var overvekta av dei tilstyrtande ungdomane allereie ganske godt pussa, og mørket i ferd med å leggja seg over Årdalstangen, så det vart heller skralt med verving denne fredagskvelden. Svoltne vart me også.

Men trudde du livets glade gutar vart motlause av den grunn? Tru om att!


Nyfiken på korleis dette gjekk? Fylg med! I skrivande stund ligg Eskil og søv, medan eg prøver å bryta meg inn på telefonen hans og få oversendt dei nydelege bileta me tok av årets gastronomiske høgdepunkt, som til alt overmål utspelte seg på ein cæmpingplass i Aordal rundt midnatt. 

Stænd på målrock

Eskl riggar stænden vår.

I fall det skulle vera nokon sunnmøringar her.

Mykje gilde fargar!

Spy ler væske

På veg heim frå sumarleiren til Unge Høgre, gjekk bilen tom for spylarvæske. Me stogga på ein bensinstasjon for å skaffa meir, men so var spørsmålet: korleis opna panseret?

Ser du nokon panserspak? Ikkje me heller. (den raude greia til høgre er ei isskrape)

– Bah! Franske bilar, lydde fnyset frå Kristofer då heller ikkje han klarte å finna ein måte å opna panseret på. 

Men so! Under eit noko overdrive deksel fann Kristofer den magisken spaken. Sjekk òg det noko øvejidde andletsuttrykket hans.

Og med eitt vart alt so mykje betre. 

... so då var det full fest med sinnaspurvsnop i bilen resten av turen tilbake til tigerbygdi.

tirsdag 6. august 2013

Liberalkonservativ stænd

Då har me vore på stænd på sumarleiren til Unge Høgre. Har verva litt, diskutert mykje, og fått høyra veldig mange gonger om at dei song bursdagssongen for Ivar Aasen i går.  Her er nokre bilete frå dagen.


Kristofer står klar med flygeblad, jakkemerke og ballongar i liberalkonservative fargar.


Leiar Paul Joakim Sandøy stilte viljug opp til stafettveksling, jamvel i passe oppstylta positur, slik det sømer seg når Nynorskstafetten kjem, jf. tallause liknande bilete tidlegare i år.


Og så tok me eit litt meir vanleg bilete. Merk stafettpinnen i kledeleg blåfarge for høvet.

Til Arendal igjen

I dag er det Unge Høgres sumarleir på Hove som står for tur. Bilen ventar på oss på parkeringsplassen ved Harebakken, og på bussturen nedover har me jamvel fått litt frukost av bussføraren!


Eit teikn på kva me har i vente? Og dersom ja - eit varsel om søt mottaking eller sinte fuglar? Fylg med!

søndag 4. august 2013

Kveldsføredrag med Kristin

Siste høgdepunkt for kvelden på Unge Venstre-leir er det Kristin som står for. Her står ho bokstaveleg tala i ljoset og underheld med ordtydingar og etymologi.


Og NO byrjar ho lesa om ordet 'spy'! Stemning!

lørdag 3. august 2013

Grunnleggjande liberal laurdagstur

I dag er me på sumarleiren til Unge Venstre. 

God stemning i bilen sørover. 

Litt seinare. Kristin hadde sovna, Anne sitt smil stivna. Heldigvis held underteikna seg like kvikk og kjekk i førarsetet.

Dagens fyrste nyverving!

Arbeidsfordeling.

UV-leiaren hjelpte viljug til - her med strandflagget, i kledelg liberal positur.

Veksling!

Og så: Eit lite føredrag om språkmangfald og språkpolitikk.

No ventar me på at middagen skal fortærast, slik at Kristin kjem i gang med føredraget sitt. Oppdatering fylgjer!