fredag 14. juni 2013

Time

I dag hadde vi tett program og var alt ferdige med tre barnehagar og ein sjuandeklasse i halvtolvtida. Marit Rommetveit Staveland frå mållaget her fortalte om Garborg og gav dei boka ho las frå, medan eg snakka litt med dei om språk. 



På Lye skule hadde alle saman nynorsk opplæringsmål. Ei utruleg positiv utvikling etter mange år med bokmålsparallellar tidlegare.



Etter lunsj var det endeleg tid for Garborgsenteret. Godt å få slutt på skamma over ikkje å ha vore her. Og ingen skal seia at ikkje senteret heng med i tida:

Dessutan vart det tid til å nyta mediemerksemda frå i går.



Stand på kjøpesenteret var stas. Vi samarbeidde med Norli, som viste seg å vera den bokhandelen i Noreg som sel flest nynorskbøker. Kan det ha samanheng med at dei var den fyrste butikken i kjeda som fekk masa seg til skilt som aldri hadde funnest før?





Klepp del 2

I dag har vi arbeidd oss oppover i aldersgruppene. På Engelsvoll skule møtte vi 5., 6., og 7. klasse som framførte sjølvlaga ting på nynorsk. Premieutdeling i samband med forteljingskonkurransen til Klepp mållag stod også på programmet. Her les vinnaren av barneskulekonkurransen diktet sitt.



Neste stopp Klepp ungdomsskule. Forfattar Ingrid Aanestad fortalde om yrket sitt og las litt frå ei av bøkene. Mållaget var utfordra til språkdebatt der elevane på førehand hadde arbeidd med spørsmål. Vi tippar at dei har fått god hjelp frå lærarane, då fyrste spørsmålet var "hadde det ikkje vore best om vi fekk ein samla skriftleg karakter i norsk, i staden for kvar sin i hovudmål og sidemål?"


Ingrid Aanestad


Korleis kan ein betre avslutta dagen enn på stand?
Mange positive, ein heil del uinteresserte/negative. Vårt eige materiell og Dag og Tid er no i alle fall å finna i minst hundre nye heimar på Jæren. Dei minste fekk ballongar på stong.





torsdag 13. juni 2013

Klepp

Då var dagen der for å leggja ut bilete av meg sjølv, her saman med ordføraren i Klepp kommune. Med på møtet var også kommunalsjefen, kultursjefen, barnehagesjefen og biblioteksjefen. Og sjølvsagt Else Berit Hattaland frå Klepp mållag, ho har vore med stafetten i heile dag. På møtet diskuterte vi fyrst og fremst tiltak i barnehagane. Det er ein god del (innflyttar)foreldre som vel bokmål for ungane sine, og vi var samde om at det best kan hindrast ved at barnehagane er tydelege og gode nynorskbrukarar.

Etter mykje prat om barnehagane, tok vi like godt turen til ein av dei. Espira Ormadalen barnehage har arbeidd grundig med nynorsk for dei største ungane, og vi og foreldra fekk ei framsyning med både songar og regler. 


Bollar og ballongar er aldri feil.


Godt også å sjå Ivar Aasen på stasplass i storstova, og språktipsa frå Nynorsksenteret på veggen i gangen.


onsdag 12. juni 2013

Sandnes

Stafetten har vore innom alle dei fem tiandeklassane på Skeiene ungdomsskule i dag. Nokre få av elevane hadde hatt nynorsk på barneskulen, men dei skifta ved overgangen til usk. Slik er det å vera i kraftig mindretal og møta berre bokmålsundervisning attpåtil.

Bogafjell open barnehage fekk også besøk, og me las om Lukas, Pinne og Jakob og Neikob for nokre treåringar.

Til sist møtte me Sandnes kommune til diskusjon om korleis dei kan leggja best mogleg til rette for det mindretalet som veks opp med nynorsk som opplæringsmål. Me drøfta tiltak i barnehagen, ved overgangen frå barneskule til ungdomsskule, i ungdomsskulen og i språkbruken frå kommunen sjølv. Sandnes er språknøytral, men det er ikkje råd å finna noko på nynorsk på heimesidene deira i dag.

Dei var interesserte i dei gode føredøma og i dokumenterte forsøk med nynorsk i skulen som viste at det gjev resultat å bruka meir nynorsk.

Magnhild Lid frå Sandnes mållag gav stafettpinnen til ordførar Stanley Wirak.




På møtet var også rådmann Bodil Sivertsen, Harald Nedrelid frå oppvekstavdelinga og Torleiv Robberstad frå mållaget.







tirsdag 11. juni 2013

Bonustur til Sviland

Med litt tid til overs på veg frå Forsand til Sandnes, tok me ein ikkje varsla svipptur innom Sviland skule i dag. Skulen har om lag 80 elevar og alle har nynorsk. Rektor tok mot oss på straken og me fekk ein hyggeleg prat ein halvtimes tid om vilkåra desse elevane har i overgangen til ungdomsskulen. Der utgjer dei berre drygt 10 prosent av elevtalet, så det krev mykje av dei å stå mot fleirtalspresset.

Me burde ha teke eit bilete som viste at "skadeverket" på skulen ikkje strekte seg lenger enn til å skrapa vekk toppen av o-en i "skole", men slik vart det altså ikkje i dag.

Forsand

Me har vore på ungdomsskulen og snakka for alle klassestega. Nesten berre nynorskelevar på skulen. På veg derifrå var det heilt naturleg å sikta mot ferjekaia i sentrum. Etter eit minutt eller to gjekk det opp for oss at det ville vera meir effektivt å køyra til den andre kaia me såg over sundet, i alle fall om me ville vidare. Men det var finast ved den fyrste.




mandag 10. juni 2013

Variert avslutning i Suldal

I ettermiddag møtte me Laila Steine, dagleg leiar i Suldal vekst, for ein prat om språkbruken i næringslivet. ho fekk stafettpinnen frå Nils Korsvoll, leiar i Suldal mållag.



Til sist var det rein turiststogg innom den vidgjetne arkitektteikna brua (av Rintala og Eggertsson) som det visst nok er delte meiningar om lokalt, og knapt nok det. Likar ein ikkje brua, er det berre å gå inntil og sjå utover i staden, for utsikta er det vanskeleg å utsetja noko på.