onsdag 6. februar 2013

Gloppen



Sjølv om dagen i Gloppen slett ikkje er over, er det fint å seie at det er ein strålande dag.
- No er det vi som har stafettpinnen og det må vi gjere mest mogleg utav, sa Margot Sande til fullsett kultursal. I dag har ho, Håvard B. Øvregård, og Maria Svedal og Nora Martine Hjelle Strand og dei andre kule jentene frå Norsk Målungdom snakka for over 1000 barnehageborn, elevar og lærarar. Flott dag! Og i kveld er det Nynorsk festkveld i Kultursalen klokka 19.30. Gratis!