torsdag 14. februar 2013

Nynorsk i vinden

Det bles friskt i Høyanger i natt og i dag, og me smør ikkje tjukt på om me seier at Nynorskstafetten har hatt god medvind denne dagen. I alle fall har me hatt det svært så kjekt; me har treft barnehagebarn og elevar på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. I kveld vert det kulturkveld på Vadheim skule, med song, segner, føredrag om Aasen og om vadheimresolusjonen som førte fram til jamstillingsvedtaket i 1885. Me gler oss!

Nedanfor ser de nokre glimt frå dagen. Kristin fer heim til Elverum i kveld, men ryktet seier at ho skal vera med på nokre etappar utpå sumaren.