mandag 25. februar 2013

Måndag 25. februar MOLDE

Kva kan vera betre enn å vakna til Romsdalsfjella bada i sol? Augo sveipte over tindane og hjernen vart budd til Stafett.
Molde Mållag har sett i gang eit storslege arbeid i barnehagane i byen. Det byrja i dag, på Langmyra barnehage der Anne Hungnes trylle fram segner og soger frå Romsdal so borna vart mest forveksla. Hungnes las og song, og dei små var kje vanskeleg å få med på songen og leiken. Og var det ikkje likt so fekk jamvel me vaksne læra noko med; ikkje visste eg opphavet til ordet 'hespetre', der Hungnes song og spann ulla! Det er eit retteleg storarbeid Molde Mållag har sett i gang, og venteleg kjem det til å bera frukter for målreisinga i Molde.

Dinest bar det til sentrum der me parkerte bilen framom torget slik at ingen moldensarar kunne unngå å sjå oss. Etter eit lite ble med utdeling av materiell, tusla me til kontoravklaring åt ferjelaget Fjord1. Der møtte me kommersiell sjef Frode Ohr. Ohr kom radt frå arkivet med bilete av gamle båtar i reiarlaget. Og tru om ikkje fyrste biletet var av dampferja IVAR AASEN! Båten kom i 1885 - same året som nynorsk vart offentleg riksmål i Noreg. Dy og pine! Og Ohr heldt fram: Etter ein ide frå leiar i Molde Mållag, Einar Langset, ville han pynte dagens Ivar Aasen-ferje med versestrofer av Aasen. Dessutan også på engelsk og tysk! Slikt høver for verdas største nynorske reiarlaget, målte Ohr. Me kunne ikkje vera meir samd!

I ein slags bakgård ligg det nye kulturhuset i Molde med det lite snobbete namnet "Plassen". Plassen hyser bibliotek, teater, Moldejazz, kafé og mykje meir. Der fekk me møte ei stram dame, Ely Sisilie Bergum, biblioteksjefen. Ho melde hardt og klårt om kor skoen trykkjer: lærebøker som kjem for seint og mangel på lettlesne bøker på nynorsk for born i skulealder. For ein flott alliert for målarbeidet i Molde.

Oppglødde og med store smil over heile andletet gjekk me over gata til Romsdal Budstikke der kulturredaktøren tok i mot oss med kaffi og spørsmål. Me nytta sjølvsagt høvet til å takka avisa for den store auken nynorsk i avisa. T.d. var framsida i dag ein feit nynorsktekst. Bladfyken vart gira av soga om ferja Ivar Aasen og truleg les me om henne dei fyrste dagane.

Dagen enda på rådhuset der ei flott nordnorsk venstredame ynskte oss velkomen. Frøydis Austigard tok hjarteleg mot stafettpinnen og ynskte oss til lukke vidare på ferda.

Akk, det var ein flott dag i vakre Romsdal.