søndag 24. februar 2013

Fræna, sundag 24. februar

Ikkje langt frå Rosenes by er Skaret og Elnesvågen, i Fræna. I solskinn og klårt vêr stod Romsdal Mållag ved Øyvind Fenne og Ove Strømme og eg, på Skaret, staden der så vel moldensarar som fræningar fer på ski. Bilen stod strategisk plassert slik at skifolket laut passera oss, og brått hadde dei eit flygeblad eller to i handa frå Stafetten. Øyvind hadde laga eigen quiz om romsdalsord og skifolket gav honom mykje åtgaum for det.

På kvelden laga Romsdal Mållag ei svært hyggelig samkvem på biblioteket. Eit tjug folk fekk høyra eit forvitneleg føredrag om Henrik Rytter. Anne L. Vatne Eide las eigne dikt og dotter hennar kleda. Til sist fortalde Ingar Sveen om Per Sivle og dikta hans, og før me gjekk heim song me Den Fyrste Song. Det var so fint at augo mest vart blaute. Stor, stor takk til Romsdal Mållag for ein fin mål- og litteraturkveld.