tirsdag 17. september 2013

Sør-Aurdal 17. september

Mykje på blokka i dag også. Ungdomsskuletur for Eskil, barnehage for Gro, dinest møte med kultur- og oppvekstsjef Gunvor Elene Thorsrud som her får stafettpinnen frå Mållaget.


Seinare var det møte med 4., 5. og 7. klasse på Bagn barneskule. Der fortalde vi om Aasen, nokre av skulejentene song songar frå før i tida, og til slutt var det allsong med Staut-songar, der tekstforfattaren sjølv, Ørnulf såg til at det heile gjekk rett føre seg.


I ettermiddagspausen kjende me oss litt småsvøltin, og kan tilrå matstova i Valdrestunet på det varmaste både språkleg og i matvegen.


Me gjev oss ikkje her. No snart kveldsseto med godtfolk i bygda, korsong, allsong og eit innlegg frå oss på stafettbilen.