lørdag 7. september 2013

Superlaurdag i Odda 7. september

Me kom til Odda fredagskveld, og vart møtt med mat og stormande jubel. På laurdagsmorgon var det stor aktivitet i Gågata, og nynorskdelegatane var naturlegvis på plass med bil stand. Odda Mållag var òg til stades. Dei ynskte velkomen med song (Nordmannen, sjølvsagt) og gode ord om Aasen. Etterpå vart målbenken avduka av Knut O. Dale, aka. Knuten, ein benk dedikert til «det oddiske folket» av Odda Mållag. Det var yrande folkeliv i Gågata, og fleire kom innom for å helse påmålungdomane. Mellom desse var ein representant frå lokalavisa, Hardanger Folkeblad, yes! Ruth Lillegraven las frå den nye diktsamlinga si, Urd, til stor glede for dei som høyrde på





Då klokka nærma seg eitt, gjekk me opp til biblioteket, der det var duka for opplesing, fest og moro. Ruth Lillegraven las fråbarnebøkene sine. Dette vart godt motteke av alle borna, som skratta og lo, utanom ein, som byrja å grine. (Årsak ukjend.) Lite visste dei at det var radon i lufta. Etter ein del tekniske problem gjekk tilskipinga over til «vaksendelen». Fyrst fortalde Helene om Norsk Ordbok 2014, eit innlegg som tok føre seg både boka og prosjektet som heilskap, metode og innhald. Dette vart òg godt motteke og fleire ivrige tilhøyrarar stilte mange gode spørsmål. Stafettsjarmørane fortalde så om stafetten, Språkåret 2013 og veka som var. Deretter vart det servert kaffi og kake.



Overvelda av den positive responsen frå oddisane valde me å vere att til sundag. Det er ikkje kvar dag ein er i Odda, og når ein fyrst er der, kan ein like godt gjere som oddingar flest: fylje Frode Grytten sine fotspor. Me vart tipsa om ein praktisk reisegaid til utlån på biblioteket. Helene drog fram lånekortet, og gjekk målretta mot skranken for å freiste lukka. 

Helene: «Kan eg bruke dette lånekortet, eg vil så gjerne låne denne boka?»

Else Mari: «Nei, men du kan få noko betre.»

(Tystnad)

Else Mari: «Du skal få boka, men ikkje akkurat dette eksemplaret. Vent ein augneblink.»

Medan me venta spent nytta me høvet til å snike oss bort til tidsskrifthylla for å leggje frå oss nokre flygeblad.

(Else Mari kjem att frå kjellaren. I handa held ho ein stabel bøker.)

Else Mari: «Sjå her, de skal få ei bok kvar.»

Helene: «Serr?!»

Martin: «Kødde du?»

Synnøve: «Så flott!»

Else Mari: «I Odda er me så late at me ikkje gidd å lage lånekort, me gir heller vekk bøkene.»


....Framhald fyljer