tirsdag 9. april 2013

Skulevitjingar i Nissedal

I dag har me vore på Tveit skule/Nissedal ungdomskule i Treungen. Her har me vore inne i klassar frå femte til og med tiande klasse. Elevane var veldig språkmedvitne, og dei stilte fleire gode spørsmål.
Me fekk ein skikkeleg god, varm velkomst frå lærarane, som var engasjerte og positive. God, varm lunsj fekk me og!

Etter skulebesøket var me innom biblioteket, der me hadde ein bra samtale med biblotekaren. På biblioteket er dei veldig opptekne av å gje elevane god litteratur på nynorsk. Dei er flinke til å ta inn nynorsk barne- og ungdomslitteratur, og flinke til synleggjera dei.