lørdag 6. april 2013

Stand og konsert på Handelstorget i Skien

Mållaget Dag skipa til nydeleg konsert med Aasen-songar midt i Skien sentrum. Anne Gravir Klykken, Frøydis Grorud, Torjus Vierli og ungar frå kulturskulen hadde ingen problem med å få folk til å høyre etter. Nokre av tilhøyrarane sakna ark med songtekstar, slik at dei kunne syngje med.
Nynorskstafetten var sjølvsagt til stades med den flotte varebilen sin (som er noko vanskeleg å oversjå, oransj og fin som han er), og hadde nok med klede på til å stå på stand i fleire dagar... Appell frå Noregs
Mållag og overrekkjing av stafettpinnen til leiaren i Dag, Svanhild Haugen, stod på programmet straks etter konserten. Etter ein kald, men fin dag ute var det godt å kome inn på kaffistova Dag og få ete lapskaus saman med deltakarane på årsmøtet til Telemark Mållag.