onsdag 24. april 2013

Alvdal, Tynset og Orkanger

TYSDAG: Alvdal og Tynset
Vitjing på Nord-Østerdal vgs. Elevane hadde førebudd seg godt og fleire hender var klare med ein gong me opna for spørsmål. Heile dagen vart meir ein samtale med elevane om sidemålsundervisinga og ei kjapp innføring i nokre av dei lange linene i språkhistoria. Etter den eine timen kom ein elev bort til oss og fortalte at han no forsto kvifor ein lærer sidemål. Lærarane var entusiastiske og fekk med seg ein sidemåls-pamflett for vidare diskusjon med elevane.

Midt på dagen hadde me litt lite å gjera på så då køyrte me til Alvdal og gav like så gjerne ein stafettpinne til Aukrust, Ludvig og Solan Gundersen. Me fekk òg høve til å kikka på verdas største spark!

Om kvelden var det stor fest på Basheim i Alvdal. Her vart det føredrag med Ola Jonsmoen, song, musikk frå det lokale spelemannslaget og dans med folkedansgruppa. Leiar i Alvdal- og Tynset Mållag, Tor Sørdal Bue, fekk overrekt ein stafettpinne som symbol på det arbeidet dei gjer, og på at Aasen, som Nynorskstafetten, òg var i dette området og samla dialektord. Den svarte protokollen me har med oss, der nokon frå kvar stad me er på skal skriva, vart fyllt opp av helsingar og lokale dialektord.

Martin tok sjølvsagt ansvar på vegne av Nynorskstafetten då det var tid for åresal, og jaggu vann han òg!

Nynorskstafetten takkar for ein fantastisk dag!

ONSDAG: Orkanger
Ein fin og solrik dag. Bilen køyrte frå Tynset litt over klokka sju for å koma fram til Orkanger til timane me var sett opp på der. Bilturen var i og for seg sjølv ganske spanande, då GPS-en tydelegvis likar å velja naturskjøne, framfor reelt effektive, ruter. Det var difor mange gardstun som fekk vitjing av ein oransje bil i dag, i full fart på gjørmete sidevegar. På Orkdal vidaregåande skule (sic.) prata me med til saman 82 elevar fordelt på to førsteklassar og to tredjeklassar.

No køyrer me snart inn til Trondheim for å lada opp før ein lang og intensiv dag på Rosenborg skole i morgon.