lørdag 6. april 2013

Kulturtreff på Dag Bondeheim i Skien

Det var fullt kulturprogram på den trivelege kvelden Mållaget Dag hadde stelt i stand. Anne Gravir Klykken framførde den nydelege visa om Bendik og Årolilja like framfor måleria av soga, i salen med same namn på Dag Bondeheim. Eilert Kvernes fekk seg ei overrasking, for han fekk målprisen frå Telemark Mållag under kulturfesten. Arne Apelseth heldt eit interessant føredrag om "Nynorsken og moderniteten", det var allsong og god mat, og Noregs Mållag helste m.a. med eit stev:

Her har du mållaget som det svingar av;
held til i Skien og heiter sjølvsagt Dag!
Dei teke vare på kultur og språk
- då kan frå bokmålsfolk det bli bråk!

At det er spennande å vere medlem
me kan'kje underslå, for det blir leven
når me på nynorsken helde fast
og står ved Mållaget last og brast!

Så difor feire me vil han Ivar,
for skriftspråket vårt han fram har driva.
D'er 200 år sidan han vart fødd -
det norske målet har sidan glødd!

Det e'kje rart då, Nynorskstafetten
med bilen er her, har du'kje sett'n?
Stafettpinnen har ho Svanhild fått,
med den me vonar de lever godt!